Login

Dagens tekst "Vi kan ikke lære uten smerte"

  Siste nytt
-Legg inn ny artikkel
-Sjå i arkivet ( 244 artiklar)
-Meld opp på nyhendebrev


Sist kommenterte innlegg:

Nytt postnummer (02.09)
Vi vil bo på Hundvin! (29.07)
Privatskule på Skodvin (20.06)
Der draumar blir knust (18.06)
Bygdemøte med politikarar (24.05)

02.09.2010
Nytt postnummer
Av Magnus
Det skal verta 5956 Hundvin frå 1.10, og ikkje 5956 Vågseidet. http://www.postennor ge.no/61754.cms Kva skal me med nummer, når det ikkje vert skule? ;-)
Kommentarar: 2 Les
Legg inn kommentar


31.08.2010
Musikk
Av Asbjørn Hauge
Hei. Jeg har i høst overtatt det musikalske ansvaret for Seim Musikklag, en kjempe gjeng som øver hver mandag i samfunnshuset på Seim fra 1830-2100. Vi trenger flere musikanter, mest av alt kornetter så om det er noen som kunne tenke seg å spille litt, så nøl ikke med å kontakte meg: 93233193 eller asbjorn.hauge@ahlsel l.no. Om du ikke har spillt på 20 år , om du er ung eller gammel, god eller dårlig: Spiller det ingen rolle! Kom !! :-)
Legg inn kommentar


23.08.2010
Kattepusar
Av Liv
Har tre viltre kattepusar,som er fødd 3.juli, to svarte,og ein svart/kvit, som treng ny heim. kontakt Liv på tlf. 95040801
Legg inn kommentar


04.08.2010
Bygdereklame frå VG
Av Kjetil
http://www.vg.no/inn stikk/sommer-i-norge /2010/08/02/bes%c3%b 8k-den-trondhjemske- postveg/#xtor=AD-16- [postveg]
Legg inn kommentar


29.07.2010
Privatskule interesse registrering
Av Irmelin
Hei :) Da har vi fått mange som har registrert at de er interessert i å ha barna sine på privatskule på Skodvin! I morgen den 30.juli er siste frist for å registrere elever til skolen. På mandag blir registreringen sendt til kommunestyret som vedlegg til søknaden om utsatt nedlegging av kommunal drift. Fortsatt God Sommer :D
Legg inn kommentar


Her har du sjansen til å vera reporter for hundvin.no! Du treng berre fylla ut eit skjema, og din artikkel kjem inn øverst i denne spalta. Webmaster tar forbehold om retten til å sletta nyhende og kommentarar.
 

Velkommen til Hundvin.no ! Hundvin.no er ei heimeside for Hundvin bygd, frå Vågseidet i nord til Leivestad i sør. Me bur i ei triveleg bygd som ligg ved Rv.57, 4 mil nord for Bergen, og 2 mil sør for Mongstad. Her er rundt 550 innbyggjarar og 200 bustader, for det meste spreidd busetnad, samt to byggefelt. I tillegg er her rundt 160 hytter. I bygda fins m.a. fleire typar næringsverksemd, mange aktive lag og organisasjonar, fin natur og tilbod om overnatting (sjå hovudmeny). Me som bur her ynskjer å skapa eit levedyktig og engasjert lokalsamfunn, og inviterer gjerne DEG til å bidra! Hundvin.no er eigd og drevet av Hundvin bygdelag. For bidrag er kontonummeret 36325248925. Me håper du vil finna det du søkjer på denne sida, og at du snart tar turen innom igjen.

Vil du være med og støtte Hundvin bygdelag i vidare arbeid for bygda ? Meld deg på Norsk Tipping sin grasrotandel til bygdelaget. Sjå link og veiledning i pdf-fil HER !

 

Vedlegg til søknad om utsett nedlegging av Skodvin skule
til hausten 2012

 

 

Hele dokumentet kan ein sjå på denne linken HER.

 

Med venleg helsing Arbeidsgruppa for Privatskule på Skodvin

 

test

 

Over 50 elevar ønskjer privatskule på Skodvin

Sjå link til avisa Norhordland HER

 

Reguleringsendring i hundvinfeltet

Bebuarar i Hundvinfeltet har siste dagane fått to brev frå Lindås tomteselskap angående endring av planer for utbygging av trinn 3. Lindås tomteselskap ynskjer å endre antall opprinnelige tomter frå 10 til 12 med mindre areal for den enkelte tomt. Hundvinfeltet vellag reagerer på at tomteselskapet sine brev om endring og henvisninger til vellaget ikkje samsvarer med vellagets brev til tomteselskapet datert juli 2009. Brevet frå vellaget kan ein lese HER og viser at vellaget ynskjer opprinnelege planar med 10 einebustader i trinn 3.

 

Gratulerer ! Skodvin skulemusikk fekk 3.dje plass

Lørdag 19.juni var det NM for skolekorps i Stavanger.

 

 

Astrid og Ingrid takkar for seg når dei no må slutte for aldersgrensa

 

Skodvin skulemusikk gjorde ein flott opptreden og stakk av med 3.dje plassen i 2.divisjon brass. Gratulerar Skodvin !

 

Kunngjøringa kom på ein stoslagen festkonsert seinere på kvelden der alle musikantane var til stades.

Astrid Eide har skreve ein reportasje frå turen til Stavanger. Den kan du lese i word-dokument HER.

 

Resultatliste finn du på linken HER.

 

Privatskule på Skodvin

Lag og organisasjonar har i møte 16.juni hatt samtale om vidare privat drift av Skodvin skule. Det vert oppretta ei arbeidsgruppe som skal arbeide for privat skule på Skodvin. I august/september vert det bygdemøte med informasjon om privatskulen og pedagogisk plattform, Montessori (sjå link HER). Det vil bli ein livsynsnøytral skule med kostnader for kvar einskild elev på omlag 350-400 kroner pr.måned (årleg kostnad 3500-4000 kroner).
Dette gjer me fordi me ynskjer skule i nærmiljøet til våre born, og ein skule som er plattform for ulike fritidsaktivitetar som f.eks Skodvin skulemusikk. Det er godt grunnlag for skuledrift på Skodvin med elevtal og bygder i vekst. Det har siste år vore stor tilflytting til området fordi folk ynskjer det tilbodet som Skodvin skule kan gje.
Lindås kommune utsatte skulesaka frå november 2009 til endeleg avgjerd juni 2010. Me håpar kommunen kan utsetja nedlegging av Skodvin skule til 2012, slik at det vert tid til å utforma ein god søknad med oppstart for privatskule hausten 2012.

 

 

Skodvin skule vert nedlagt frå hausten 2011

 

Politikarane i Lindås har 10.juni vedteke å legga ned Kløvheim, Skodvin og Festo skular. Vedtaket vart gjort med 16 mot 15 røyster.

(Teksten her er henta frå Strilen, og bilete til høgre er teikna av Solveig Serigstad Hauge)

 

Vedtaket inneber at Skodvin skule vert lagd ned frå hausten 2011 og elevane overførde til Lindås barneskule. Festo skule vert nedlagd hausten 2012, då elevane vert overførde til Seim. Ny skule på Eikanger som skal samla elevar frå Kløvheim og Eikanger, skal vera klar til skuleåret 2015/2016. I anleggsperioden skal alle elvane gå på Kløvheim skule.

 

Dei som argumenterte for nedlegging, la vekt på at dette var ei framtidsretta løysing som ville skapa varig ro rundt skuelstrukturen. Dei meinte og at ved å leggja ned tre skular, ville det vera att meir pengar til å oppgradera og vedlikehalda dei skulane som er att. Vedtaket inneber at både Seim og Eikanger i løpet av nokre år skal få heilt nye skular. Lindås må byggjast litt ut.

Nedleggingsvedtaket vart gjort med alle dei seks røystene frå Arbeidarpartiet, alle ni frå Framstegspartiet og røysta til Unni Sæbø, som no har meldt seg ut av Høgre.

 

 

Mindretalet la særleg vekt på at skulen er viktig for å halda oppe levande bygder, og dei viste til det store engasjementet som har vist seg i dei bygdene som har vore truga av nedlegging. Det vart også vist til at både små og store skular i Lindås kjem godt ut på dei nasjonale prøvane, og at det ikkje er grunnlag for å seia at dei små skulane er dårlegare enn dei store. Mindretalet la også vekt på at Lindås kommune har ein relativt god økonomi, og at det difor ikkje er noko økonomisk argument for å leggja ned skular no.

Les meir om skolesaka i BT på linken HER

 

 

Engasjerte bygdefolk fyllte heile salen i bygdemøte

 

FAU og Hundvin bygdelag inviterte til bygdemøte 20.mai i ungdomshuset. Politikarane vart også invitert. Det møtte 14 politikarar fra kommunestyret og nokon til i salen.

 

Fau og Hundvin bygdelag takker bygdefolk og politikere for et flott bygdemøte. Takk til skulemusikken me er så stolte av! Takk for mange gode innlegg, kommentarer, spørsmål og svar. Ein spesiell takk til Monica S.Ones, Johannes Torsvik, Irmelin S.Larsen og Eirik Helland for kjempeinnsats med forberedelser og gjennomføring av bygdemøtet. Tusen takk til Hundvingrend bygdekvinnelag og Hundvingrend Sanitetsforening for god mat og drikke.

"Skodvin Skule- ein skule for framtida"

 



 

Flytte til Hundvin bygd ? Sjå link til venstre denne siden !

 

 

 

 

 

 

 

 

Skodvin skulemusikk deltok lørdag 13.mars i Hordablæsten i Grieghallen. Dette er den største musikkonkurransen for skole- og generasjons-korps, ensemble og solister i Hordaland. Det var konkurranser for janitsjar og brass (1., 2. og 3. divisjon), juniorkorps, generasjonskorps, ensemble og solister. Skodvin skulemusikk fikk ein 4.de plass i 2.divisjon brass. Det var ein flott framføring av SSM. Link til resultatliste HER

Etter endt framføring i Grieghallen var det ein glad gjeng som pakka sammen utstyret. Hundvin.no venter på fleire bilete i denne sammenheng.

Etter spilling var det fotografering, pizza på Dolly Dimples og deretter festkonsert i Grieghallen.. En kjekk tur til Bergen for alle.

Her er me i finstasen og øver timen før me drar til Grieghallen

EI GLADMELDING; Hordaland fylkesting har i møte 9. mars fordelt sekkepostane på fylkesvegbudsjettet for perioden 2010-13. 15 millioner kr. er satt av til gang- og sykkelveg langs Fv 57 Konglevoll i Lindås kommune. Det betyr at vi får trafikksikringen på Konglevoll med nye kjørefelt, undergang med fortau, gangbro over tunnelen og gang og sykkelvei. Byggestart trolig etter nyttår. For åra 2011-13 har fylkestinget fordelt med 4 mill. kr i 2011, 9 mill. kr i 2012 og 2 mill. kr i 2013. Hundvin.no og bygdelaget gratulerer alle med 3x HURRA !

Les meir i Strilen HER og i avisa NH HER

Last ned reguleringsplan i pdf (åpnes i adobe reader) HER. Den er på 10 Mb så det kan ta litt tid ! Den er scannet så kvaliteten er ikke helt på topp.

Det ble 17.mai feiring i anledningen for dei som rakk å møte opp til ei markering kl.12.30 idag 10.mars ! Journalister frå Strilen og NH var og til stades.

 

Pusterom for skular som er truga av nedlegging

Nedleggingstruga Lindås-skular kan pusta ut inntil vidare. Enkelte politikarar gledde seg ekstra då heile formannskapet 24.11 tilrådde å utsetja skuleplanen til juni 2010. Høyringsfristen for "kommunedelplan grunnskulen 2010-2020" gjekk ut 16.oktober.Alle merknadene som er sendt Lindås kommune, og som gjeld Skodvin skule, er no samla. Du kan lese dei ved å trykke på linkene nedenfor;

Les meir i Strilen om utsettelsen på linken HER


Skodvin skulemusikk fekk ein fin 2. plass i andre divisjon brass på årets Sotrafestival 21. november! Korpset hadde like mange poeng på spelinga som vinnarane Sotra Vest Skulekorps, men dommarane likte denne gongen programvalget til Sotra Vest litt betre enn Skodvin sitt program.Knut Harald sat for første gang i salen og høyrde på, - og pussa brillene sine etter flott levert program frå korpset.  :-) Fornøgde musikantar var samla til pizza på Peppes før resultatopplesing om kvelden, og resultatet vart sidan feira på øving.

Hundvin.no har på mail fått mange bidrag frå Sigmund Hauge om historikk og bilete til fleire stedsnavn i området. Trykk på kartet øverst til høyre denne siden for å lese. Håper andre også har bidrag, tekst eller bilete dei vil dele med oss.

 

Noe å arrangere for oss her på landet ? Se linken HER

 

 

Fin 2.plass på Sotra-festivalen 2009

 

 

SKOLER I FARE. Sitat fra avisa NH, Publisert 05.11.2009

To dagar etter at fleirtalet i levekårsutvalet sa nei til skulenedlegging, kom det klare signal i formannskapet som betyr nedlegging av minst to skular.

Tidlegare har FrP, og langt på veg AP, signalisert at desse partia går samla inn for nedlegging. I formannskapet var det klart at Høgre er splitta i skulesaka. Det betyr mest sannsynleg at meir enn halvparten av dei 31 kommunestyremedlemane vil leggja ned skular.

To eller fleire? Kor mange skular som kan bli borte, er ikkje avklart. Leif Sleire (H) lanserte sitt private forslag om å leggja ned Festo skule, og anten Myking eller Kløvheim.

Minst 70 elevar Sleire meiner skulane må ha minst 70 elevar. Også Skodvin og Eikanger ligg under denne grensa. Han meiner Skodvin bør ha potensiale til å få denne veksten. Han er meir usikker på Eikanger. Bygdene bør få ein muligheit til å få noko til å skje, samtidig som kommunen må vera med og legga forholda til rette, sa Sleire i formannskapet i dag.

Utsette saka Eit samrøystes formannskap slutta seg til eit utsetjingsforslag frå Sveinung Valle (AP). Han meinte det ville vera fornuftig å vurdera skulestrukturen i forhold til andre område i økonomiplanen. Vi skal ha budsjettseminar på Voss om to-tre dagar, og bør difor sjå saka i den samanheng, meiner Valle.

Går i mot I formannskapet signaliserte både ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Anna Valle (SP), Odin Kristiansen (V) og Nils Træland (H) at dei er motstandarar av skulenedlegging.

Du kan lese meir om dette temaet på linken til Strilen HER

 

Babyboom mot skulenedlegging

 

Småbarnsforeldre klare til kamp

Berre i løpet av året kjem det fjorten nye ungar til verda i det svært så fruktbare Hundvin-området. Frå venstre: Vidar Gjerstad med Caroline, Anita Gjerstad med Johannes, Henriette Seim med Sebastian, André Lie med Alexander, og Bjørghild Ones Spjell. 

 

Hundvin-krinsen får fjorten nye verdsborgarar i løpet av 2009. Den store babyboomen skal stoppa skuledød på Skodvin.

Vil legga ned fire skular. Skodvin er ein av fire barneskular i Lindås som går ein svært usikker haust i møte. Konsulentfirmaet Norconsult, som er hyrt inn av Lindås kommune, har tilrådd at dei fire barneskulane Skodvin, Myking, Eikanger og Festo blir lagt ned.

Politisk behandling. Levekårsutvalet i Lindås skal ta stilling til kommunedelplanen for skule i neste veke. Administrasjonen har tilrådd at politikarane legg planen ut til offentleg høyring. Det skal også haldast bygdemøte i dei ulike krinsane.

Rustar til kamp. Føler bygda har kjempa for skulen sin i 25 år. Nedlegging var jo tema då eg sjølv gjekk på skulen her, og vi skal stå på også denne gongen, forsikrar Bjørhild Ones Spjell, som for tida har mammapermisjon frå lærarjobb på Myking skule, ein av dei tre andre skulane som står på konsulenten si nedleggings-liste.

Heile artikkelen er skreve av avisa NH og du kan lese alt innhold på linken HER

hundvin.no viser viser til pågående debatt om skulessaka på denne sida, og håper DU vil delta med innspill.

Legger også med ein link til Lindås kommune og kommunedelplanen for 2010-2020. Linken er HER

 

 

Legg ikkje ned småskulane!

Dan Lysne frå Norconsult hadde gått gjennom rapporten dei har laga for kommunen, og han argumentert for si tilråding: Å leggja ned dei fire barneskulane Skodvin, Eikanger, Myking og Festo. Hovudargumentet er at det vil kommunen spara pengar på.

Eitt av argumenta denne gongen, er likevel at innsparte midlar skal verta verande i skulen, blant anna for å styrkja undervisninga.

Men det hjelper ikkje på foreldra si innstilling: Alle kommentarar frå salen var like engasjerte og peika i same retning: Krinsane som kan missa skulane sine, vil slåss mot nedlegging.


Bjørghild Ones Spjell hadde sprunge fram for å teikna seg på talarlista, med tre-fire andre foreldre og FAU-utsendingar hakk i hel.

Det er som venta foreldra si klare melding til politikarane i Lindås når temaet på nytt er oppe til debatt. Her Bjørghild Ones Spjell på møtet kommunen inviterte til på Lindås barneskule onsdag.

– Eg kjenner meg att når det vert snakka om å satsa på kvalitet på skulane. Der er Skodvin og Myking skular komne langt! Misser me skulen, vert skulevegen for lang og bygdene vert mindre attraktive, sa Bjørghild Ones Spjell engasjert. Ho var den første i salen som fekk ordet på informasjonsmøtet Lindås kommune hadde på Lindås barneskule onsdag kveld.

Før den tid hadde skulerådgjevar Anne Wergeland orientert om bakgrunnen for at skulestrukturen er oppe til vurdering.

Blant politikarane i salen som også lytta, var ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Ho takka for alle innspel og bad om at dei også kjem til kommunen skriftleg, før rådmannen kjem med ei tilråding og politikarane skal koma fram til eit vedtak.

Av Hans Egil Storheim, Strilen.no Publisert 17.09.09 12:31

 

Myking og Hundvin kjempar

Kommunen har sove i timen når dei ikkje har vedlikehalde og oppgradert skulane. No er det vi som må betala prisen, seier leiar i Hundvin Bygdelag Tore Grimstad.

Innbyggjarar i krinsane Skodvin og Myking møtte mannjamnt opp på krinsmøtet som Lindås kommune arrangerte på Lindås barneskule i går kveld.

Publisert i avisa nordhordland.no17.09.2009 kl 12:41

Etter gjennomgang av tilstanden og behova til alle skulane i Lindås, lyder instillinga i planen som no er ute på høyring på at skodvinelevane og mykingelevane i framtida skal til Lindås.

- Heilt feil strategi, kunngjorde Helge Fimland, leiar i bygdelaget på Myking. – Med tanke på utbygginga på Mongstad, bør kommunen satsa sterkare på bustadbygging og bygdeutvikling i nordre delen av kommunen, for å avlasta press i søndre delen, sa han.

Skulestrukturen er ei sak som råkar folk heilt inn i hjerterøtene. På framlegget til kuttliste står også Eikanger og Festo skular, og eit tilsvarande krinsmøte vart avvikla på Ostereidet tirdag kveld. I framlegget vert det ikkje tilrådd bygging av ny ungdomsskule i Alversund. Les meir om reaksjonane i papiravisa vår på lørdag.

 

Pesto- og vinkveld; Av Gunn Berit Wiik Berg

Når hagen bognar av friske urter og tomatar, kan ein invitera til pesto-og vinkveld slik bygdekvinnelaget gjorde nyleg.

Mange kjenner nok den klassiske basilikumpestoen ein kan kjøpa i butikken. Men verken den eller andre typar pesto kan måla seg med dei ein lagar sjølv. I tillegg til basilikum, kan pesto lagast både av rucculasalat, persille og bladselleri. Dessutan er heimelaga pesto av tørka tomatar heilt nydeleg.

PESTO: Ingen pesto er så god som den ein lagar sjølv, spesielt dersom urtene kjem frå eigen hage.

Med elleve ivrige bygdekvinner rundt bordet lærte me å laga pesto av persille, bladselleri, basilikum og tomatar. Basisoppskrifter finn ein på nettet, men me valde å eksperimentera litt med og utan ingrediensar som kvitløk, parmesan og sitron for å skapa ulike spennande smakar. Persillepesto med sitron passar til dømes veldig godt til fisk, medan pesto med parmesan passar best til kjøt- og pastarettar.

Pestoen brukte me til slutt som «smør» på Bruschetta-smørbrøda me laga og kosa oss med til slutt. Kjempegodt.

BRUSCHETTA: Med tomatar frå drivhuset til Solveig på Træland, smakte brushettaene heilt nydeleg, syntest Jofrid og Jorunn.

MANGE KOKKAR: Solveig, Lillebeth og Torgunn er litt skeptiske til om kniven Norunn har fått, er den rette til å kutta tomatar med.

 

Skodvin skulemusikk var helga 25-27 sept. i Kinsarvik og hadde seminar med den nye dirigenten sin, Henning Anundsen. Det vart ei fin helg med mykje flott øving, bading i utebaseng og i boblebad, masse god mat, og sjølvsagt leik og sosialt om kvelden. Det er blitt ein 'god tone' mellom musikantar og nye-dirigenten. Velkommen til Henning !

Klikk på bilete for å sjå fleire !

 

Småbarnstreff

Torsdag 20.august starta vi opp igjen med småbarnstreff i Dalheim. Vi hadde ei trivelig stund og ønsker fleire småbarnsforeldre velkommen neste torsdag!
Dette blir eit fast treff kvar torsdag kl.10.00 til 12.00 på arken i ungd.huset.
Småbarnstreff er ein møteplass for barn under skulealder og deira foreldre. Ein mulighet for barna til å leike saman og bli kjent med dei de skal gå på skule med-:) Og for foreldra til å treffast og prata saman. "


Mvh Anita Gjerstad

 

 

Prinsessa som vart bondefanga

Av Gunn Berit W. Berg

Dersom nokon lurer på kva dronning det var som svimsa rundt i finstasen ved butikken laurdag, var det ikkje dronning Sonja som er komen tilbake. Nei, det var prinsesse Charlotte, som skal gifta seg med sjølvaste Grimstad-prinsen 1. august på Slott Dalheim. Ved butikken måtte prinsessa, i rein Märtha Louise stil, lesa opp eit ganske ironisk eventyr skrive av «gode vener». Og før det, song mange av borna i Hundvin Naturbarnehage for henne. Kor turen gjekk vidare, er litt usikkert. Men rykta skal ha det til at det vart lunsj på Spjeldneset, der sjølvaste prins Tore vart segla inn med kongeskipet. Deretter skal turen ha gått til Meland golf der blant anna kjøring med golfbil stod på programmet. Etter det hundvin.no kjenner til, skal ferda ha enda opp med grillfest i hagen til Siv Brundtland, som skal vera prinsessa sin forlovar.

 

Tok kongeparet med storm

Av Gunn Berit W. Berg

Bygdekvinnene var godt representerte under kongemiddagen i Mongstadhallen 17. Juni. Ikkje rart dronning Sonja sa i talen sin at ho var imponert over kvinnerepresentasjonen på festen. Og for den kommentaren tok Hundvin-damene sjølvsagt «bølgen».
Marit Træland representerte UL Nybrot, Marta D. Gjerstad Hundvingrend Sanitetsforeining, Charlotte Nordahl (snart Grimstad) Hundvin Naturbarnehage, Torill Christine Lindstrøm Naturvernforbundet i Nordhordland, Irmelin S. Larsen Hundvin Bygdelag og Gunn Berit W. Berg Hundvingrend bygdekvinnelag. Og for å skryta litt til, så har Sølvi Ann Kleiven hatt mange fingrar med i dei nydelege borddekorasjonane på bildet. Foto: Anja Johannessen.

 

 

Bilde og tekst er forfatta av strilen.no ! For å lese heile teksten og intervjuet med Knut Harald kan du følge denne linken; http://www.strilen.no/kultur/_-takk-for-meg/

– Takk for meg

Knut Harald Rydland takkar av som ­dirigent, etter over førti år med taktstokken.

Av Linda E. Eide Publisert 19.06.09 18:10
Endret 22.06.09 09:28

«Presis? Det er litt for seint». Det brukte Knut Harald Rydland å seia når etterdiltarane ramla inn dørene til korpsøving medan dei punktlige løfta instrumenta for å spela intervall og skala. Og kva er betre måte å møta laurdagsgjesten på, enn å komma akkurat litt for seint til avtalen?

– He, he, det går heilt fint, ler Knut Harald.

Han sit på terrassen sin kloss i vegen på Seim og nyt livet i solveggen.
Og det går faktisk fint !

 

Vinsmakingskurs i Gammen

Smakslaukane jobba på spreng då tjue bygdedamer var på vinsmakingskurs i Gammen på Bruvoll Camping nyleg. Les meir om Hundvingrend bygdekvinnelag sitt vinstunt på linken HER eller klikk under mappen for organisasjonar øverst på denne sida.

Foto: Gunn Berit W. Berg. (som må få skryt for alle bidrag med både bilete og reportasjer ho har sendt hundvin.no i mange år)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Strilen hadde for litt siden eit innlegg om Hundvinfeltet og "tolv born i vente" Hundvin.no fikk lov til å kopiere innhaldet og du kan lese det HER.

 

14.februar arrangerte hundvin bygdelag ake og skidag på "Høyen" ved Hundvin. Det møtte rundt 35 store og små med akebrett, ski, pølser og god mat/drikke. Kanskje ble dette en av de siste mulighetene til å se snøen ligge ? Flere bilder kan du se HER.

 

SKODVIN SKULEMUSIKK VANT 2.DIVISJON FOR BRASS 2008 !!

En overasket og kjempeglad gjeng =)

De spilte stålende, og dirigent Knut Harald kunne konkludere med at han hadde hatt en bra dag på jobben; for på 2. plass kom Kløvheim Skulekorps, og voksenkorpset han dirigerer kom på 2. plass i "Knall blås"
Våre gode naboer på Kløvheim inviterte oss med på feiring på Peppes Pizza og det var kjempe-kjekt:D

Trykk på bildet over for resultatliste og mange flere bilder !

 

Gratulerer med 1.plass i 2.divisjon på Sotra festivalen!

 

Skodvin Skulemusikk

 

Tirsdag 17.juni kl. 18.00 inviterte Fau til felles sommerfest for alle elevene på Skodvin Skule.

 

lærerene sang til 7.klassen, en kjendt låt fra Trond Viggo Thorgersen: "Tenke sjæl og mene"

Klikk på bildet til høyre for å se flere !

 

Skodvin Skulemusikk hadde lørdag 14.juni sommerfest på Hundvin
kaien.

Du kan se flere bilder ved å klikke på bildet til venstre !

 

- Alle bilder tatt av Irmelin Larsen -

 

 

Bli med på dametrim !


Turer på mandager og torsdager

kl.19.30 fra skodvin skule:)



Hundvin bygdelag har hatt dugnad på stien ned mot badeviken på Træland. Formålet var å bedre fremkommeligheten for både store og små. Det ble lagt shingel, pukk, drensrør og duker i veien. Og dugnadsviljen var upåklagelig. Flere traktorlass m/henger fraktet massene til snuplassen. Som bildet under viser ble det brukt en beltevogn til videre transport ned mot badeviken. En liten gravemaskin ble også brukt. Bugdelaget takker alle fremmøtte som tok del i arbeidet. Klikk på bildet til høgre så får du sjå fleire !

 

Dette blir et fast treff hver mandag kl.10.00 til 12.00 på arken i ungd.huset.

Småbarnstreff er en møteplass for barn under skolealder og deres foreldre.En mulighet for barna til å leke sammen og bli kjent med dem de skal gå på skole med-:) Og for foreldrene til å treffes og prate sammen. Om det blir fint vær kan det bli trilletur !    Ta med mat så ordnes kaffi,te og saft på fellesen.

Bilde fra småbarnstreff i ungdomshuset 31.mars.

 

Gangveg over tunnelportal, Konglevoll RV 57

Trafikken på gang- og sykkelvegen som går gjennom planområdet består for det meste av born og vaksne på veg til og frå Skodvin skule, butikk. samfunnshus og bedehus. For å kunne passere gjennom området må riksvegen kryssast.

Etter at den nye kulverten på veg til Hetlehovde er bygd vil brukarane av gang- og sykkelvegen kunne krysse riksvegen gjennom kulverten.

Bruk av kulverten vil derimot bli ein betydeleg omveg for folk som kjem frå syd og skal til bedehus, butikk, samfunnshus eller vidare langs fylkesveg 390. Ei kryssing av riksvegen heilt i syd i planområdet er difor naudsynt.

Ettersom den eksistetrenrande tunnel-portalen på Hundvintunnelen stikk eit stykke ut frå fjellet, er det mogleg å legge ein sti der. Stien vil gå frå utgangen av den gamle Hundvintunnelen, over riksvegen, gjennom eit naturleg søkk i terrenget og svinge seg ned til fylkesveg 390. Det er uvisst kor mykje belastning den gamle tunnelportalen tåler, så stien må difor vere sjølvberande over portalen. Murar er tenkt utført i eller forblenda med naturstein.

 

Siste nytt frå Odin Kristiansen, kommunestyrerepresentant for Venstre i Lindås;

Til alle som er opptekne av trafikksikring  på Konglevoll. Trafikksikringsmidlane i Lindås er no trekte inn i prosjektet med ny veg mellom Isdal og Alverflaten. Denne vegstubben vert i første omgang minimumsfinansiert, og er langt ifrå noko trafikksikringstiltak. Men likevel trur eg ikkje noko på å prøva å få tak i desse midlane no.  Det som likevel er positivt, er at Bompakken for Nordhordland no er på veg gjennom dei ulike kommunestyra i Nordhordland på ny, og me har fått til likelydande vedtak i Radøy og Lindås kommunar. Me håpar på at vedtaka skal gå gjennom i alle Nordhordlandskommunane, slik av bompengepakken kan gå gjennom Fylkestinget i vår. I denne pakken ligg undergangen på Konglevoll inne med ein sum på 12 millionar, slik at dersom bompengepakken går gjennom i Stortinget er det all grunn til å tru at det kjem undergang på Konglevoll, men tidlegast i 2009. Helsing Odin Kristiansen.

 

Skodvin skule har hatt besøk av matattache Gunnar Nagell Dahl frå fylkesmannen si landbruksavdeling. Han sette kveik i elevane i samband med "Smakens uke". Det er gjennom Fylkesmannen sitt prosjekt "Grønt i skulen - kvar skule sin gard" at Skodvin skule fikk besøk. Som kjent får elevane opplæring m.m på Træland gard hjå Solveig. Les meir om dette på linken til fylkesmannen HER og ta likeså ein titt på Skodvin skule si side HER og samarbeidsprosjektet på Træland gard HER.

 

 

17.mai bilder frå Dalheim og toget kan du sjå HER

Bileteserier frå 2007; 17.mai og Hundvin natur-barnehage med bilder

Bileteserier frå 2006;Grilldag2006 hjå Hundvin Handel , 17.mai og Vassendguutane (klikk på teksten for å sjå serien)

Bileteserier frå 2005 ; Grilldagen på nærbutikken 22.juli, jonsokbål i Trælandsvika 23.juni, 17.mai, diverse dugnader av bygdelaget. Klikk på linkene for å sjå bilete !

 

 

 

 

 

 

For å halde liv i bygdesida vår treng me ditt bidrag ! Til å hente nyhende og bileter frå bygda. Kontakt webmaster@hundvin.no eller leiar for bygdelaget toregri@broadpark.no (Tore Grimstad)

Hundvin.no er eigd og driven av Hundvin bygdelag. Utvikla av:

Bjarte K. Helland & Øyvind Kristiansen
i samarbeid med
Webmaster: Sverre Skeidsvoll
og tidligere leiar for bygdelaget Marit Træland

 

 

 

 

 

- Noko DU vil ta opp på hundvin.no ? Skriv det HER !