Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 
 

 

- Bileteserie frå 17.mai feiringa i Dalheim !

Tenk å få ein slik strålande 17. mai som i år. Sender nokre bilde, som eg eigentleg knipsa for Strilen. Men som de såg i avisa, var det fleire bygder enn Hundvin som ville ha plass der.

Men bilda kan ikkje gå i gløymeboka av den grunn. For om 17. mai 2007 på Hundvin sikkert ikkje betyr så veldig mykje for menneskeheita, kan det vera kjekt å minnast at Rolf Vabø stilte med fletta ny bunad og at Danniella Fennelly var rosaruss.

Like kjekt er det sikkert for Olav og Olaug Hundvin å ha bevis på den gongen det var så få i 17. maikomiteen at hyttefolket måtte trakka til både med servering og flaggborg.... Og hugsar eg ikkje feil, var Hundvin Naturbarnehage ute å lufta fana si for første gong også. Nei, ein skal ikkje undervurdera betydninga av små ting....

God sommar! Helsing Gunn Berit Wiik Berg