Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Brundtland

Litt historie om Brunnsland. Nymark er eit bruk under Brunnsland, br.2-3. Derfor ligg det ved her. (hundvin.no takker for eit av fleire bidrag fra Sigmund Hauge som har oppdatert historikk og gamle bilete)

 

Litt historie om Brunnsland, Gnr.91 i Lindås sokn

Garden Brunnslande er ein Langstrakt gard og ligg i den søre delen av Lindås sokn med Hauge i vest, Gaulen og Øvre Skodvin i aust, Fjellangervågen i nord, og Nedre Skodvin sør i sør. Frå gammalt av låg nausta til Brunnsland ved Fjellangervågen. Den gamle trondheimske protégé nordover frå Bergen gjekk m.a. gjennom Nymark på Brunnsland. Brunnsland fekk vegsamband mot aust i 1948. Garden fekk elektrisk straum i 1921. Garden hadde ei flomkvern i ei elv som renn ut i Haugselva. Enno er det restar etter kvernhusa. Halsteinstemma låg her, oppkalla etter brukaren på br.1 Saman med grannegardane Marås, Haugsmyr og Hauge vert bygda kalla Haugsgardane.

Om namnet
Forstavinga i namnet kjem av gammalnorsk brunnr, som tyder brønn eller vasskjelde. Det er fleire gode vassårer på garden. Ei anna tyding av gardsnamnet er bryn. Kjem du roande inn Fjellangervågen eller ser Brunnsland frå Fjellanger, ser du Brunnslandsmarka , mellom Gauleåsen og Haugsfjellet, som eit tydeleg bryn ut mot Fjellangervågen. Gardsnamn med endinga -land reknar ein med er frå tida 400 til 1050 e.kr. På eit blad av ei jordebok for Munkeliv kloster frå om lag 1200 er ”Brunzlande” innført (saman med Haukås og Kolås). Dei er og nemde i Munkeliv kloster si jordebok frå omlag 1490. Det tyder såleis på at Brunnsland framleis var i drift etter Svartedauden (1349). Etter reformasjoene vart alt klostergods lagt inn under staten. Brunnsland vart så lagt til embetet til Domkyrkja i Bergen og soknepresten bygsla vekk garden og fekk leigeinntektene som ein del av løna si.

Uttalen av gardsnamnet er ”brønnsland” og er framleis brukt. Dette er den vanlege måten å seia Brunnsland på i Haugsgardane. Dei første namgjevne brukarane på Brunnsland var ”Seffrin og Jens på Brwnsland” som budde her i 1519. I 1522 vart det skrive Bryntland, i 1563 Brunslandt, i 1590 Bruntlannde, i 1603 Brunsland og i 1723 Brundtland. Presten brukte på 1700-talet som regel Brunnsland eller Brundtland. Brundtland vert som regel nytta som slektnamn. Men me veit også at folk som flytta frå garden og til Bergen nytta Brun som slektsnamn.

Bruk
Garden var einbølt fram til 1519 då den vart delt i to bruk. Mellom 1617 og 1690 vart den delt i tre bruk. Mellom 1852 og 1899 vart den delt på nytt, slik at det vart fire hovedbruk på garden. I tillegg vart ein parsell frådelt i 1878 til skulehus ( Nymark ved Beinvedskaret )

I seinare tid er mange bustadtomter og hyttetomter frådelte, og eit lite byggjefelt kom på byrjinga av 2000-talet. Ein husmannsfamilie budde her i omlag 25 år frå 1850.

Fornminne
Ein haug av Kapustin (Eikehaugen) vitnar om gammal busetnad på Brunnsland. I haugen var ei gravkiste dekt av to heller. Litt sørafor låg ei annan liknande haug (Erhaugen). Ei klebergryte frå yngre jernalder (år 550-800), og to leirkrukker og eit skjold frå eldre jernalder (år 0-550) er funne på Brunnsland, i tillegg til eit sverd og ein flintpil.

 

Kjelde:Bygdebok for Lindås sokn. Band III

 

Klikk på hvert bilde for å få større !

 

 

Bildet tatt i april-2003
Sigmund Hauge
Brundtland Gr.91 Br.1
Brundtland Gr.91 Br.4
Brundtland Gr.91 Br.5
Brundtland Gr.91 Br.6