Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Bruvoll

Litt historie om Bruvoll, Gnr.55 (bilete nederst på sida)

Bruvoll ligg på nordaustsida av Hundvinsvatnet og opp mot Bruvollåsen i nord og Mulen i sør. Grensa mot Grimstad, Konglevoll og Hetlehovda fylgjer høgdedraget. I nord ligg Hetlehovda og Træland, og på vestsida av Hundvinsvatnet ligg Hundvin.

Om namnet
Både Bruvoll og Tveiteråsnamnet er nytta så lenge attende som me har skriftlege kjelder, men berre Tveiterås har vorte nytta i matriklane inn i vårt hundreår. Nokon fast regel for namne-bruken var det knapt. Me finn båe gardsnamna brukte om same personen. Om endinga ”tveit” skriv Ivar Aasen at tydinga er uviss, men at det snarast kan tyda ein rudning i skogen. Bruvoll-namnet fortel at det må ha vore bru over Hundvinsvatnet før me finn skriftlege kjelder om garden.

Alder
Første gongen me finn garden nemnd er i 1563. Då betalte Guttorm po Brueuoldt ein dalar i skatt. Så finn me garden nemnd att i 1590. Då heitte brukaren Helge Tuederaas. Om alderen på garden skriv John Rafnar Myking i ”Jordbrukskrise og busetnad i Lindås skipreide i seinmellom-alderen”, att ein kan vera ganske sikker på at det har vore gard her i høgmellomalderen; dei skriftlege kjeldene om garden går heller langt attende, og dessutan var landskylda etter måten stor.

Fornminne
Synst på Bruvoll, på merkesgrensa mot Grimstad, ligg åsryggen Mulen (sjå meir om Mulen under "Akt.Verd å sjå" på hundvin.no). På toppen er det eit heller flatt platå med ei lita attgrodd tjørn. Platået ligg på garden Bruvoll. Åssidene er stupbratte på tre sider, men med eit slakare terreng mot nordvest. Her er det bygd ein om lag 30 m lang steinmur på tvers av høgdedraget. Ein reknar med at Mulen er ei bygdeborg, ein tilfluktsstad der folk kunne verja seg når dei kjende seg truga. Bygdeborga kan ha vore i bruk så tidleg som i slutten av romertida eller i folkevandringstida, 300-550 e.kr. Muren er freda som kulturminne.

Mulen sett frå vestsida av Hundvinsvatnet.
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Bruvoll Gr.55 Br.6
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Bruvoll Gr.55 Br.5 "Solhaug"
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Hundvinvatnet sett frå brua.
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Hundvinvatnet sett frå brua mot nord.
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Bruvoll Gr.55 Br.9
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Hundvin bru sett frå sør.
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Bruvoll Gr.55 Br.3 "Asphaugen"
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Hundvin bru sett frå nord.
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Bruvoll Gr.55 Br.1
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Bruvoll Gr.55 Br.2
Bilete teke i mai 2003
Sigmund Hauge
Utsikt mot Bruvoll frå Klumpen. Foto: Eiliv Konglevoll.