Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Fjellsbø

Litt historie om Fjellsbø, Gr,48 og 49 i Myking sokn.

 

Namnet

Gardsnamnet Fjellbø, uttala Fjellsbe, er som dei fleste andre gardsnamna i Myking eit naturnavn. I 1563 og 1591 og i tidene lang frametter er navnet skrive:Fieldsbø. Johs.Litleskaret har sikkert rett i at denne garden frå først av har heitt Fjelle og så etter å ha lege øyde og fått ny busetnad fått bø som ending. Fjellsbø ligg i ei lægd på Fjellsbøhøgda attmed den gamle ferdavegen mellom Hundvin og den nørste luten av Myking sokn.

Garden

Første gongen me finn Fjellsbø nemnd er i ei skatteliste for 1563, der Oluf på Fieldsbø er oppførd med ein skatt på 1 dalaer og Niels på Fieldsbø med ein skatt på 2 lott sylfe. Men i ei oppgave over storleiken på leidingskatten i 1567 er Nøre Fiielsbøe og Søndre Fiielsbøe nemnd kvar for seg som to sjølstendige garder og ein må gå ut fra at båe gardene då var busette etter Svartedauden. I oppgavene for 1590-91 vert båe gardene nemnde under eitt, men i alle seinere oppgaver er dei oppførde kvar for seg og rekna som to sjølstendige bruk. Det er ikke nemnd noko om kvern eller sæter på Nore eller Søre Fjellsbø.

Alder

Båe Fjellsbøgardane er sikkert gamle garder - rydja og bygde lenge før Svartedauden, men kva for ein som er eldst er uråd å seia - kanskje er det Nore Fjellsbø då garden var benefisert jordegods. Det ser ut for at det har vore ei god tid for desse fjellgardene frå dei vart rydja og på nytt busette i midten av det 16. Århundre og til langt ut i neste århundre. Det var på denne tida dei mest avsidesliggjande garder her i bygda vart rydja på nytt lag og busette, og såra etter drapsotta i 1349 kan ein vel seia vart heila. Men dei mange og store ekstraskattene og avgiftene som i denne tida vart pålagt folket grunna stadige ufredar Danmark hadde med grannefolka sine, vart i lengda tunge og arma folket ut, I slutten av 1600 - talet og førstninga av neste - vart reint gale. Attåt uår og hunger og fylgje med armodsdomen og underernæringa, kom farsotter og sjukdomra av ymse slag. På 1600 - talet hadde me også den “Lille istid”, som førte til at avlingene ikke mogna, og hungernauden var eit faktum. Fleire garder og einskilte gardsbruk i Myking sokn vart i denne tida fråflytta og lagt øyde for kortere eller lengre tid. I så måte står Fjellsbøgardane mellom dei som var dårlegast stedde - noko namnelistene over brukarene klårt syner. Gammal skyld på Nore Fjellsbø var 1 Laup, ½ pund smør, 3 mæler korn. Gammal skyld på Søre Fjellsbø var ½ laup smør, ½ tunne malt.

Eigarar

Nore Fjellsbø var benefisert jordegods og garden høyrde Lindås prestebol til like fram til 1833 då han vart kjøpt av brukaren Tore Knutson. Sidan den tid har brukarene på Nore Fjellsbø vore sjølveigarar.

Brukarane på Søre Fjellsbø var sjøveigarar og i eigarlista i 1624 er garden oppført som bondegods. I 1684 er Søre Fjellsbø kome over på framande hender, og Hans Lillenskjold er oppført som eigar. Seinare eigar kan ein nemna Lars Tveiten, Alversund. I 1722 høyrer garden til “Hans Kongelege Magistrat”. Grunnen til at han er kommen i offentlig eiga er evl at landskatten ikke er vorten betalt og det har vore tatt pant i eigedomen. I 1798 vert garden seld til Vossingen Jon Olson Grane og no vert det atter fast busetnad på Søre Fjellsbø og brukaren sjølveigar.

Bruk

Ein finn ført Nore Fjellsbø nemnd i 1563 g garden er einbølt fram til 1618. Då er garden delt i to bruk og det står ved lag langt ut i det 17. Århundre. I 1710 er det eine bruket nedlagt. Det er framleis berre eit bruk i 1723. Frå 1703 til 1790 er det berre 1 dåpsbarn ( 1729 ) frå Nordre Fjellsbø innført i kyrkjeboka. Fram til 1861 er det berre 1 bruk som er i drift. Etter den tid har det vore to sjølstendige bruk i drift der. I norske Lensrekneskapsbøker for 1567 finn me “Sødre og Nøre Fiielsbøe” nemnd for første gong i dei skriftlige kjeldene. Der er leidingskatten for Søre Fjellsbø oppført med eit geiteskinn og eit kalveskinn. I 1614 - 15 betaler Nils S. Fjellbø 7 kanner korn i tiende. Garden var einbølt fram til 1645 då han vart delt i 2 like store bruk. Den gamle skylda på heile garden var 1 laup smør, 1 mæle korn. Søre Fjellsbø vart lagt øyde på slutten av 1600 - talet, og er iikje medteken korke i futerekneskapane for 1692 - 94 eller manntallet i 1701. I matrikkelutkastet 1723 står det at garden har lagt øyde i over 40 år. Garden vart busett at i 1793 og var einbølt fram til 1824. I 1863 vart bruket delt og frå då har det vore 3 bruk på Søre Fjellsbø. Bruk 3 vart fraflytta på første haldel av 1900 - talet og det er berre ruiner att etter dette bruket.

Fornminne

Det er ikke registrert noko fornminne på Nore eller Søre Fjellbø.

 

 

Søre Fjeldsbø Gr.49 Br.2 Søre Fjeldsbø Gr.49 Br.1
Nore Fjeldsbø Gr.48 Br.2 Nore Fjeldsbø Gr.48 Br.1
Inge mater villsauene. Sylvi Ann hadde gått heim for å rydda i hagen. Ta deko ein til Fjellsbø og sjå kor mykje arbeid dei to har lagt ned for å rydda grod mark. Bilete tatt i mai-2010 av Sigmund Hauge. Fin utsikt over Nordre og Søre Fjellbø. Dei fire gardane ligg som perler på ei snor søretter liene. I framgrunnen dei siste husene som er bygd på Fjellsbø. Bilete tatt i mai-2010 av Sigmund Hauge.
Denne fine steinløa står på Nordre-Fjellsbø, hjå Inge og Sylvi Ann Kleiven.
Bilete tatt mai-2010 av Sigmund Hauge.