Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Gaulen

Litt historie om Gaulen, Gr. 98 i Lindås sokn.

 

Namnet  

Gaulen er ein langstrakt gard som ligg i den sørlige delen av Lindås sokn med Brunnsland i vest og sør, Våge , Løtveit og Øvre Skodvin i aust, og Fjellangervågen i nord. Garden har fått navnet sitt etter Gaulelva som renn fra Skodvinsvatnet og Gaulevatnet og ned i Fjellangervågen. Elva danner også grensa mellom Løtveit og Våge i aust. Der låg nausta til Gaulen frå gammalt av. Her var ei flomkvern, som låg i ein foss i Gaulelva ned til Fjellangervågen. I Gaulelva hadde også Løtveit og Våge sine kverner. Den gamle Trondheimske postvegen nordover frå Bergen gjekk gjennom Gaulen. I samband med postgangen er det nemnt eit postopneri i Gaulen alt i 1786. Dette fekk ei relativt kort funksjonstid, og vart erstatta av eit postopneri på Lindås prestegard.

Gardsnamnet kjem av gaull, som trulig er det opphavelege navnet på ein foss i elva som renn forbi garden og endar i Fjellangervågen. Gaula tyder hyla eller brøla, og gjenspeglar bråket frå fossen. Elva har fått navnet Gaulelva. Elvenamnet Gaula, med same tydinga, finst i Sunnfjord og Sør-Trøndelag.

 

Eigarar

Gaulen var tidlegare krongods , dvs i eiga til kongen. Garden er såleis oppført som krongods i lenrekneskapen for 1597. I eineveldetida (frå 1660) vart mykje av krongodset selt pga statlig pengemangel som følgje av utstrekt krigføring, og i 1663 vart Abel Muntre (d.1676) eigar av Gaulen. Ho budde i Bergen og var dotter av biskop Ludvig Munthe , og enkje etter presten Peder Nilson Lem . I 1679 er Nils Rasmusson Lindgård (d.1688) toller i Bergen, eigar av ein part i Gaulen, som kona Abigael Pedersdatter Lem hadde arva etter foreldra. Den andre parten arva sonen Ludvig Pederson Lem . Enkja etter Ludvig Pederson Lem, Gjertrud De Fine (d.1730) og Peder Lem er eigarar i 1694 med kvar sin part. Byskrivar i Bergen, Hans Kristian Gartner (f.1680 d.1772) fekk hand om denne parten, han skreiv ut bygselbrev i 1719. Gjertrud sin son Jens Ludvigson Lem , fut i Nordhordland, arva hennar part i garden. I 1741 vart denne parten lyst ut for sal. Enkja etter Jens, Anna Helena Frørup fekk tilslaget og skøyte i 1742. Ho selde denne parten til Hans Kristian Gartner (då justisråd) i 1767 og vart eigar av heile garden. I 1772 vart garden seldt til krigskommissær Henning Friman Dahl . Dottera Henninge Dortea Dahl , gift med soknepresten til Kvinnherad, Peter Harboe Hertzberg , arva Gaulen etter foreldra. Deira son Johan Hertzberg vart eigar i 1834 og han selde garden til oppsitjarane i 1852 og 1866, og dermed kom garden i sjølveige.

 

Alder

Gaulen låg truleg aud etter Svartedauden (1349), ettersom det ikke er memnt brukarar her før i 1563. Då var “Haluord po Gaoull” oppsitar. Skrivemåten var Gaull i 1590. Den noverande navneforma Gaulen er brukt første gongen alt i 1609. Det vart skrive Gouellenn i 1613 og Goulen i 1617, den siste var lenge ei vanlig skriveform. I 1633 forvanska skriveren navnet til Gaffll. I kyrkjebøkene på 1700 - talet vart det for det meste skrive Gaulen, det same i matrikklane på 1800 - talet.

Bruk

Målt etter skatteskyld og folketal er Gaulen ein liten gard i Lindås sokn. Den gamle landskylda var 2 pund smør og ½ tønne malt. Garden vart delt i to bruk om lag 1694. Desse vart samla til eit bruk i 1745. I 1830 vart garden delt i to att, dei to noverande hovedbruka i Gaulen. Det har ikke vore husmenn i Gaulen. Seinare er det frådelt nokre bustadtomter.

 

Fornminne

Det er ikke registrert noko fornminne i Gaulen.

 

Kjelde: Bygdebok III, Lindås sokn.