Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Grimstad

Litt historie om Grimstad, Gnr.53 (bilete nederst på sida)

Grimstad ligg ved nordenden av Storavatnet. I søraust ligg Berg, og i nord Konglevoll og Bruvoll. I aust lyfter Grimstadfjellet seg til ei høgd på 248 m, og her har Grimstad sams grense med Berge og Refsdalen. I vest grensar Grimstad til Storavatnet, Hundvinvatnet og Neselva, elva som renn ut frå vatnet. Ved elveutlaupet frå Storavatnet kjem Grimstad til møtes med gard nr.171, Seim. Innmarka ligg på god bakkejord på nordaustsida av Storavatnet, og fjellet i nord og aust gjev livd.

Om namnet
Grimstad er utan tvil ein gamal gard. Om det er ein Grim som har slege seg ned her og såleis er opphav til gardsnamnet, er uvisst. Første lekken kan og koma av adjektivet grim, med tydinga vond, streng eller hard. O.Rygh meiner at gardsnamn samansett med personnamn ikkje er mellom dei eldste, men at dei i alle høve går attende til vikingtida. Har gardsnamnet ei anna tyding, må ein tru det er er eldre, kanskje frå før 500 e.kr.

Fornminne
I 1949 var det grave ein gravhaug, Glovrehaugen, frå kring 500 e.kr. I haugen vart det funne restar etter våpen, men og restar som kan tyda på at det var fastbuande folk på garden på den tid. Mellom anna vart det funne ei saks, to knivar, brot av leirkar og eit bryne. Rett ovanom bygdevegen, på bruk 8, ligg ein freda gravhaug. Hauhen er 4-5 m i tverrmål og knapt ½ m høg. Alderen er uviss.

Grimstad. sett mot søraust. Foto av Arne Årseth, Studio Nordhordland Grimstad sett frå Mulen. Foto; Irmelin Seljelid