Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Hauge og Haugsgardane

Info; Hauge og Haugsgardane er førebels slått saman til "Hauge" på kartet vårt. I påvente av nytt oppdatert kart.

 

Litt historie om Hauge, Gnr.90 i Lindås sokn (div. bilete under tekst, klikk på bilete for større)

Garden Hauge er ein Langstrakt gard og ligg i den søre delen av Lindås sokn med Marås og Haugsmyr i vest, Træland i sørvest, Fjellangervågen i nord, Brunnsland i aust og Hetlehovde i sør. Frå gammalt av låg nausta til Hauge i ”Haugsviken” ved Trælandsvågen ,på grunnen til nabogarden Marås. Garden hadde kvern i Haugselva mellom lonene og storehølen, og låg på nabogarden Brunnslands grunn. Straum fekk dei til gards alt i 1921 og vegsamband mot aust i 1952. Saman med grannegardane Marås, Haugsmyr og Brunnsland vert bygda kalla Haugsgardane.

Om namnet
Gardsnamnet er eit naturnavn som kjem av gammalnorsk haugr, i dativ haugi , og tyder haug. Hauge er eit vanleg gardsnamn i Noreg, og er og namnet på ein annan gard i Lindås prestegjeld, i Myking sokn. Dette kan skapa grunnlag for samanblanding mellom dei to gardane når det gjeld eldre innførsler i kyrkjebøkene. Gardane låg til kvar sine skipreide, Hauge i Lindås sokn, Lindås skipreide og Hauge i Myking sokn låg til Eikanger skipreide, så det gjer saka noko lettare .

Uttalen av gardsnamnet er ”høje” og er framleis brukt. Dette er den vanlege måten å seia hauge på i Nordhordland. Den første namgjevne brukaren på Hauge var ”Geder paa Hog”,som budde her i 1522. I 1563 vart det skrive Houge, som lenge var ei vanleg skriveform. Presten brukte den skrivemåten i kyrkjebøkene på 1700-talet saman med Høje, Høye og Hauge. Seinare vart det nytta Hauge, som i dag. Det var vanleg at folk som flytta fra garden nytta Houge som slektsnamn til midt på 1800-talet.

Hauge var del av godset til Munkeliv kloster, og er første gongen nemnd i ei jordebok for Munkeliv frå 1463. Garden vart då nemd som ”Haughe i Lindass sokn.”Garden var altså i drift då, og det er derfor ingen grunn til å tru at han vart lagt ned etter Svartedauden (1349) Seinare vart Hauge administrert saman med Marås og Haugsmyr som ein del av det statlege Allehelgengodset.

Kan hende har garden følgd slekta sidan Helge var oppsitjar her i 1563.

Fornminne
Det er ikkje kjend at det er funne fornminne på Hauge.

 

Litt historie om Haugsmyr, Gnr.89 i Lindås sokn

Garden Haugsmyr ligg sør - og vestvend på austsida av Trælandsvågen med Marås i nord. Hauge i aust og Træland i sør. Haugsmyr fekk som dei andre gardane i Haugsgardane straum til gards i 1921 og vegsamband mot aust i 1952. Saman med Marås , Hauge og Brunnsland vert bygda kalla Haugsgardane. Fra gammalt av låg nausta til Haugsmyr ved Trælandsvågen, delvis på grunnen til nabogarden Marås. Garden hadde kvern i Haugselva som er nemnt i eit skøyte fra 1869.

Om namnet
Gardsnamnet er eit naturnavn samasatt av haug og myr. Truleg kjem forstavinga av grannegarden Hauge, slik at Haugsmyr opphaveleg var ei myr som hørte til Hauge. Begge gardane hadde den same eigaren Haugsmyr vert også kalla Øyjorda (den aude jorda), det tyder og på at det ikkje var busetnad her tidlegare. Det er kan hende også ein gard som vart lagt øyde etter Svartedauden, men som ingen lenger kjenner namnet på. Først i 1590 vert garden nemd i dei skriftlige kjeldene og ifølje ei skatteliste budde ”Alf Hougsmyr” her då. Alt i 1610 vart namnet skrive slik som no, Haugsmyr. I 1612 var skrivemåten Hauffsmyr, i 1613 Housmyr, i 1614 Haussmyr og i 1732 Hogsmyr. I kyrkjebøkene fra 1700-talet skreiv presten for det meste Hougsmyr. Fra 1800-talet og utover er det nytta dagens skrivemåte, Haugsmyr.

Eigarar
Haugsmyr hørte til Allehelgengodset (sjå Hauge) saman med grannegardane Marås og Hauge, og er oppført med den eigaren i skattematrikkelen i 1647. I 1688 var eigaren Svanegodset. I 1748 fekk leiglendingen Sjur Andersen skjøyte på Haugsmyr, og dermed var Haugsmyr kommen i solving.

Fornminne
Det er ikkje kjend at det er funne fornminne på Haugsmyr.

 

Kjelde:Bygdebok for Lindås sokn. Band III

 

Ode til Haugsgardane

Om du vandrer, pilegrim, turist eller gjest. Hvis du høyrer ein s o ng som
synker djupt inn i ditt hjarte. Hvis du høyrer ein melodi som treffer deg i
sjela. Hvis du møter gjestfrihet h jå alle og ein kvar. Hvis du treffer åpne
ansikt, ærlige hjerter. Da betyr det, min venn, du er komen til oss, til
Brundtland, Hauge, Haugsmyr eller Marås, nær Haugselv a eller Det Pampiske
hav. Med andre ord, du er komen til Haugsgardane. Og tru meg, min ven, du er eit
heldigt menneske.

 

Takk fra Sigmund Hauge som sendte hundvin.no desse innleggene.

 

 

 

Bilete tatt mai-2003
Sigmund Hauge
Bilete tatt oktober 2003
Sigmund Hauge
Bilete tatt juni 2003
Sigmund Hauge
Her bur Larry Opphaug og Kari Gjerald
Bildet teke av Øyvind Hauge
Her bur Johannes og Åslaug Hauge Venstre hus;Arnhild og Reidar Christensen.
Høgre;Kari,Sigmund og Johanna Hauge.
Teke av Øyvind Hauge

Her bur Bjørnar, Solveig og Øyvind Hauge