Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Hetlehovde

 

Litt historie om Hetlehovda, Gnr.93 i Lindås sokn

Hetlehovda ligg heilt i sør i Lindås sokn med Træland i vest, Nedre Skodvin i aust, Hauge og Brunnsland i nord, og i sør Bruvoll og Konglevoll i Lygra sokn. Garden grensar ikkje mot sjøen. Naustet til Hetlehovda låg ved Trælandsvågen på grunnen til Haugsmyr. Den gamle trondheimske postveg nordover frå Bergen gjekk m.a. gjennom Hetlehovda, og dannar dels grensa mellom dei to hovedbruka. Hetlehovde fekk vegsamband som sør så tidleg som i 1884. Garden fekk eletrisk straum i 1921.

Om namnet
Forstavinga i namnet kjem av gammalnorsk hesli, som tyder hassel (tre) medan endinga kjem av hof ð a, dvs fjellpynt. Eit område der det veks hassel. i daglegtalen vert det sagt ”littlåvda” om garden, og skriveformer som Litlehovda har og vore nytta. Truleg låg garden aud etter Svartedauden (1349), etter som det ikkje er nemd brukar her før i 1563. Då var oppsitjaren ”Niels po Hatlehoffde”. Skriveforma var Hetlehoffde i 1590, som vart nytta lenge (stundom med berre ein f ) i Kyrkjebøkene på 1700 - talet skreiv presten Lille Hovde eller Hitlehovde. I matrikkelen på 1800 - talet var skriveforma Hetlehofde og seinare Hetlehovde.

Eigarar
Hetlehovde hørte før til Rosenkrantzgodset og er nemd med den eigaren i skattematrikkelen i 1647. Rosencrantz -familien var opphaveleg ein Dansk adelsfamilie. Lensherren på Bergenshus, Eirik Rosenkrantz, var den strørste jordeigaren i Noreg i si samtid. Mykje av dette jordegodset hadde tidlegare tilhørt Losnaætta, med utgangspunkt i Losna i Solund, Sogn. Kongsgarden Seim i Lindås hørte m.a. til her. Versonen Frants Rantzau og dottera til Eirik Rosenkrantz arva Hetlehovda etter Eirik Rosenkrantz død i 1575. Deira son Henrik Rantzau vart seinare eigar av Hetlehovde. Han og kona Sofie Lidenow selde i 1648 Hetlehovde, saman med mykje anna jordegods i Nordhordland og ellers på Vestlandet til Hannibal Sehsted . f .1609 d. 1666. Brukaren på Hetlehovda då er nemd som Mikkel (br.1).

Sehsted var statthaldar i Noreg frå 1642 til 1651 då han kom i unåde hjå kong Kristian 4. som konfiskerte alle eigedomane hans, endåtil om Hannibal var gift med dottera Kristiane f.1626 d.1670, og dermed vart Hetlehovda Krongods. I1667 fekk soknepresten i Lindås, Peder Busch hand om Hetlehovde. Hetlehovde fylgde Busch slekta til den vart seld i 1748 til leiglendingen Lars Monson, og derved kom Hetlehovda i sjølveige.

Bruk
Målt etter skatteskyld og folketal er Hetelehovde ein liten gard i Lindås sokn. Den gamle landskylda og skattesylda var ein ½ laup smør. Garden vart delt i to bruk frå 1644 (br.1 og br.1A) til ein gong mellom 1668 og 1691. Seinare var det berre eitt bruk på garden til br.2 vart frådelt i 1876. Etter krigen har nokre bustadtomter vorte frådelte. Anders Træland fekk skøyte på ein parsell søvest på Hetelhovda mot grensa til Træland, frådelt br.1 og br.2 i 1943. Det er eit bureisningsbruk. Våningshuset vart sett opp i 1950 og løa i 1951. Det har ikkje vore husmenn på Hetlehovde. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 er det nemt at det var vassfall for ei kvern. Kverna er nemd i eit skifte frå 1756, og seinare frå 1776. Det var ei flomkvern som låg i Austre elva på grensa mot Nedere Skodvin. Det er enno tidlegare merke etter kor kverhuset stod.

Fornminne
50 meter sør for Litlehovdatjørnet er det funne ei tverregga grønsteinsøks, som vitnar om tidleg busetnad.

 

Kjelde:Bygdebok for Lindås sokn. Band III

 

 

Hetlehovde Gr.93 Br.3 "Åsheim"
Bilete tatt april_2003
Sigmund Hauge
Hetlehovda Gr.93 Br.2
Hetlehovda Gr.93 Br.1