Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Hundvin

Litt historie om Hundvin, Gnr.56 (bilete nederst på sida)

Garden Hundvin ligg inne ved Lurefjorden, på nordsida. I søraust er det elva frå Storevatnet som er grenseskiljet til gardane Nese og Seim, i tidlegare Alversund herad. I nordaust går grensa langs Nøkkvatnet, Hundvinsvatnet. Her er Træland, Bruvoll og Grimstad grannegardar. Mot nordvest er Kvalvåg grannegard, og merkesgrensa i Lurefjorden går ved Søre Håvardsvika.

Om namnet
Namnet Hundvin er eit samansatt namn. Olaf Rygh meiner at første leden kan vera dyrenamnet hund, og vin er eit gamalt ord for ”eng” eller ”beite”. Gardsnamn med endinga –vin går utan tvil attende til folkevandringstida, og sume meiner dei kan gå attende til tida før kristi fødsel, utan at ein med det kan seia at Hundvin var busatt på den tida.Garden er første gong nemnd i Bergens kalvskinn frå kring 1360. Skriftforma er der Hundwin. Også på 1500-talet ligg skriftforma nær opp til uttalen slik me kjenner han i dag, slik som Hunduene i 1521, Honneuen i 1610 og Hundwen i 1667.

Fornminne
Fleire oldfunn er gjorde. Ein flintdolk vart graven opp or ein bakke ved Torevatnet. Han låg ½ meter nede i sandjord. Det er funne to gravhaugar og eit gravkammer. Den eine gravhaugen er kalla Bjørnehaugen. I haugane kan Bjørne og kona hans vera gravlagde. Ein gullring (betalingsring) som i dag er i Historisk museum, vart funnen i ei av gravane. Det er og funne ein koparkjel som er komen bort. Funna fortel at folk har ferdast her i lang tid attende, kanskje budd fast på staden.

Hundvin kai, sett mot nord frå sjøsida. Bruvoll i bakgrunnen. Foto av Arne Årseth, Studio Nordhordland Hundvinvassdraget_Kjeggjavatnet_Nesfossen.
Mars 2003 Sigmund Hauge Mars 2003 Sigmund Hauge
Mars 2003 Sigmund Hauge Mars 2003 Sigmund Hauge
Elva og stien mellom Hundvinvatnet og Kjegjavatn. (mars 2003 Sigmund Hauge) Ved utløpet fra Hundvinvatnet (mars 2003 Sigmund Hauge)
Utsikt frå Klumpen mot Hundvin. Foto: Eiliv Konglevoll. Stormflo Hundvin kai januar 2005. Foto: Stig Blindheim.
Tidleg bilete av hundvinfeltet
Kaia på Hundvin