Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Konglevoll

Litt historie om Konglevoll, Gnr.54 (bilete nederst på sida)

Garden Konglevoll ligg i vesthaldet av Konglevollsfjellet, som nordre luten av Grimstadfjellet vert kalla. Grannegardane er Grimstad, Refsdalen, Nedre Skodvin og Bruvoll. Garden er til dels brattlendt. Konglevoll har betalt 2 mark i landskyld til Lygre kyrkje, utan at kyrkja er nemnd i oversikt over eigarane.

Om namnet
Dei første skriftlege kjeldene ein finn om garden, er frå tidleg på 1500-talet. Skrivemåten er då Kwmlæwoldt, og frå omlag same tid; Kumleuoll. På slutten av 1500-talet og seinare er Konglevold, med mindre avvik, den vanlege skrivemåten.
I norske Gaardsnamne av O.Rygh finn ein om tydinga av namnet ”Kumlavollr” ; av kuml n. her vel i betydningen hedensk gravminde, men behøver ikkje overalt at være brugt i den ovenfor nævnte betydning, da det viser seg engang at have havt en mer udstrakt anvendelse, om merkar og tegn i forskjellige hensikt. Vidare er det sagt at det på garden er fleire runde haugar som minnar om gravhaugar. Ein haug er registrert som ein mogeleg gravhaug på toppen av Brattabrekko. Haugen er 5-6 m. i diameter og kring 1 m. høg. Alderen er uviss.

Nedre Konglevoll Konglevoll sett frå Nipo 2004
Fururøter frå Konglevollfjellet Ungdomshuset "Dalheim"