Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Kvalvågen

Litt historie om Kvalvåg, Gnr.85 (bilete nederst på sida)

Kvalvåg ligg langs nordaust-sida av Lurefjorden, mellom Hundvin og Kvalvågnes. Elles er Ones og Træland grannegardar.

Om namnet
Kvalvåg er ofte nytta som gardsnamn langs kysten, og då gjerne om stader der dei har fanga kval. I Lindås skipreide var to gardar kalla Kvalvåg. Det var Ytre Kvalvåg i Austrheim, der kval-fangst var vanleg, og denne garden som vart nemnd Indre Kvalvåg.På nordaust-sida av Kvalvåg kjem det frå Straumsosen inn ein lang og smal våg der det kunne vera lagleg å fanga kval. Men så trange som straumane er frå Lurefjorden inn til Straumsosen, skal det spørjast om her kan ha vore nemnande kvalfangst, jamvel om det har kome kval inn Veråsstraumen i dette hundreåret.
Namnegranskaren Oluf Rygh meiner at namnet Kvalvåg kjem av dyrenamnet kval, men at det er den langstrakte Kvalvågåsen som har gjeve garden namn. I utsjånad minner han om ein kval. Dei eldste skriftlege namneformene er frå tida kring 1520, og då vart namnet skrive Qualue (1519), Hualuig (1522), men Hwalwm frå 1518 er og truleg nemninga på denne garden. På 1560-talet var namnet skrive Kualuoeg og Qual(l)uog. Frå tida kring 1600 og langt ut på 1800-talet var former som Qualuogh og Qvalvaag det vanlege. Matrikkelen i 1852 nytta forma Qualvaag, og i 1890 skreiv dei Kvalvaag. Gardsnamnet vert i daglegtale mest nytta i bunden form, Kvalvågen.

Alder
Kor lenge Kvalvågen har vore busett, veit ein ikkje. I skriftlege kjelder finn ein Kvalvågen nemnt første gongen i 1518. Grannegarden Kvalvågneset er nemn i Bergens kalvskinn alt før 1350, og då var nok Kvalvågen busett og. Namnet fortel at garden knapt kan vera mellom dei eldste gardane, men etter fornfunn som er gjort, må ein kunna rekna med at her har budd folk i førkristen tid.

Fornminne
Eit synleg minne om gamal busetnad er ein gravhaug i utmarka, (Veikjena), 60-70 m. frå stranda ved Lurefjorden. Haugen som ligg inntil ein knaus nær vegen, er 6 m. i tverrmål og høgst 1 m. høg. Dessutan ligg det i nærleiken ei låg raus som er 4 m. i tverrmål, truleg er dette og ei gravrøys.

Kvalvåg, sett mot nord. Ones til høyre. Foto av Arne Årseth, Studio Nordhordland