Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Kvalvågneset

Litt Historie om Kvalvågnes, Gnr.84 (bilete nederst på sida)

Kvalvågneset ligg langs nordaustsida av Lurefjorden mellom Kvalvågen og Spjotøy. Storparten av garden ligg på fastlandet, men Hanøy, Straumsøy, Kalløy og fleire andre øyer og holmar har høyrt garden til frå gamalt av, og grensa til Spjotøy går ved Flatstraumen og Kjerringstraumen. Mellom øyar og nes er her smale og stride straumer som knyter Lurefjorden til osane innanfor, den stridaste er Lurestraumen. Han renn mellom Straumsøy og Kvalvågnes, og mange har gjennom tidene sett livet til her.

Om namnet
Kvalvågneset er første gongen nemnd i Bergens kalvskinn kring 1360. Her er garden skriven Hualvags næse. Frå 1500-talet og utetter er former som Qualuasnes, Qvalvogsnes og Qvalvaagsnes (1723) dei mest vanlege. Namnet på garden skulle tyde på at dette er ein yngre gard enn Kvalvåg. Nå har det synt seg at folk tidleg slo seg ned i nærleiken av straumar, og Kvalvågneset treng ikkje vera noko unntak i så måte. Om namnetydinga; Sjå Kvalvågen.

Kvalvågnes, sett mot nordvest. Foto av Arne Årseth, Studio Nordhordland Ærfugl hannen "Svimmel"
Ærfugl hannen "Svimmel" Ærfugl hannen "Svimmel"
Ærfugl hannen "Svimmel", som eg (Randi K.K) fanga ein dag (for helse skjekk), og slapp han ut at på Mikkelvågen.
Randi Kristin Kvalvågnes og den nye kaldblodstravaren Festian på 4 år.
Kaldblodstravaren Tøtto som står på Kvalvågneset for tiden. Teke av Randi Kristin Kvalvågnes Mikkelvågen av Randi Kristin Kvalvågnes
Mikkelvågen av Randi Kristin Kvalvågnes Huset til Ragnhild Kvalvågnes
Teke av Randi Kristin Kvalvågnes Huset til Nils, Jorunn og Randi Kristin Kvalvågnes
Teke av Randi Kristin Kvalvågnes Solnedgang i Mikkelvågen
Mikkelvågen av Randi Kristin Kvalvågnes Rotavatn på Kvalvågnes
Vegen inn mot Kvalvågen (om ein køyrer frå Kvalvågneset).Rett før du kjem til huset til Oddmund Skår.Ein tidleg morgon i Desember 2002.
Vegen inn mot Kvalvågen (om ein køyrer frå Kvalvågneset)
Gamlekaien på Kvalvågnes,der dampskipet gjekk i gamledagar(Gamledampen) Kjerrevegen ned mot gamlekaien.Området er no kjøpt opp av Bergen Omland friluftsråd, men har tilhøyrd Bergens typografiske forening heilt til våren 02.
Kjerreveien ned mot gamlekaien.