Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Løtveit

Litt historie om Løtveit, Gr. 97 i Lindås sokn.

 

Namnet  

Løtveit ligg søraust i Lindås sokn og grensar mot Gaulen i vest, Våge i nord, Øvre Skodvin i sør og i aust mot Skauo i Myking sokn (fjellet Skausnøya ligg imellom). Frå gammalt av låg nausta til Løtveit i Fjellangervågen ved Vågseidet ( gr.99 Våge). Løtveit ligg ikke så langt frå hovedvegen (noverande riksveg 57), som tidlegare var den gamle bygdevegen. Løtveit fekk elektrisk straum i 1921.

Forstavinga i nemnet kjem av gammalnorsk La ð a i tydinga lade eller løe. Tveit tyder mindre jordstykke eller grasslette, og er eit vanlig gardsnamn i Noreg, både i usamansett form og som sisteledd. Dei fleste av desse gardene er trulig frå vikingtida (år 800 til 1050). Løtveit er og navnet på to garder på Osterøy.

 

Eigarar

Løtveit var kyrkjegods som låg til Lindås prestebord. Det var soknepresten i Lindås som bygsla vekk garden og fekk leigeinntektene, som ein del av lønna si. I kjeldene vert slikt kyrkjegods nemnd som “benefisert”, dvs at godset hørte til eit embete. Det var fleire garder i Lindås som låg til Lindås prestebord. Mange av desse er oppførte i “Bergens kalvskinn” frå 1329, som er ei liste over godset til biskopen i Bergen. Då vart navnet skrive Laudu Þ uæit ( Þ = th). Løtveit var kyrkjegods heilt til dei dåverande tre bruka kom i sjølveige i 1832, 1857 og 1833, etter at det i 1821 kom ei lov om at alt prestegods skulle seljast.

 

Alder

Truleg var Løtveit i drift også etter Svartedauden (1349), ettersom det var to bruk her i 1519. Då var oppsitjarane “Torgrim og Swen pa Løuetvet”. Skriveforma var Lagetwet i 1522, Løgethuedt i 1590 og Løetvedt 1608. Alt i 1666 var navnet skrive slok som i dag, Løtveit. I ein del kjelder er det gjort skilje mellom Søre (br.1) og Nordre (br.3) Løtveit, første gongen var i futemanntalet i 1665. I kyrkjebøkene på 1700 - talet skreiv presten for det meste Løtveit eller Løetvedt/Løtvedt. I martriklane på 1800 - talet var skriveforma Løethvet og seinere dagens navneform Løtveit.

 

Bruk

Målt etter skatteskyld og folketal er Løtveit ein middels stor gard i Lindås sokn. Den gamle landskylda var 1 laup 18 mk smør og 3 mæler malt. Som nemnt ovanfor var garden delt i to bruk alt i 1519 , br.1 og br.3.I 1644 kom det eit tredje bruk. To av bruka (br.3 og br.3A) vart slegne saman kring 1780, medan bruk 1 vart delt om lag samstundes. Br.3 vart delt i to i 1839, og br.5 vart teke i bruk på 1930- talet, slik at det er fem bruk på garden. Seinare er det frådelt fleire bustadtomter. Det var husmenn på Løtveit i 1665 og på 1700 - talet. Kverna til Løtveit er nemnd så tidlig som i 1712 (i eit arveskifte). Ho låg ikke på eigen grunn, men i Gaulelva på grensa mellom Gaulen og Våge. På Løtveit var det Lensmannsgard frå 1839 til 1895 då Lensmannen flytta til Apalbakken på Lindås. Her var det tingstove og hus med fangehol i kjelleren. Mange rettssaker vart halde på Løtveit.

 

Fornminne

Det er ikke registrert noko fornminne på Løtveit.

 

Kjelde: Bygdebok III , Lindås sokn.

 

 

Løtveit Gr.97 Br.5 (mars 2003 Sigmund Hauge) Løtveit Gr.97 Br.4 "Gamletunet" (mars 2003 Sigmund Hauge)
Løtveit Gr.97 Br.2 (mars 2003 Sigmund Hauge) Løtveit Gr.97 Br.3 (mars 2003 Sigmund Hauge)
Løtveit søre gard Gr.97 Br.1 "Løgrunn" (mars 2003 Sigmund Hauge) Løtveit søre gard Gr.97 Br.1 (mars 2003 Sigmund Hauge)