Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Marås

Litt historie om Marås, Gnr.88 i Lindås sokn (Fleire bilete er plassert under teksten, klikk for å få dei større)

Garden Marås ligg i den sørlige delen av Lindås sokn med Spjeldnes i nord, Trælansvågen i vest. Hauge i aust og Haugsmyr i sør. Marås fekk som dei andre gardane i Haugsgardane straum til gards i 1921 og vegsamband mot aust i 1952. Saman med Haugsmyr , Hauge og Brunnsland vert bygda kalla Haugsgardane. Fra gammalt av låg nausta til Marås ved Maråsvågen. Fra 1776 er det nemnt ei flomkvern på Marås. Kvernhuset stod i Maråselva som renn ut i Maråsvågen. Her er enno restar etter stemma og renner.

Om namnet
Både uttale og skrivemåte er greie, det vart skrive Maraas før å-en vart innført på byrjinga av 1900-talet. Forstavinga kjem av gammalnorsk marr, som tyder hest (merr) Gardsnamnet tyder såleis Hesteåsen. Det kan tyda på at garden vart brukt som beite for hestar. Ei anna tyding av marr er hav eller sjø. I Maråsvågen er det ein tydeleg marbakke (bratt bottetenskråning), så kan henda har denne gjeve namn til garden. Det same namnet finst og i Radøy. Truleg låg garden aud etter Svartedauden (1349), etter som det ikkje er nemnt brukar her før i 1563. Då var oppsitjaren ”Anund po Maraas. Måt etter skatteskuld og folketal er Marås ein middels stor gard i Lindås sokn. i 1781 vart garden seld til leiglendingen, og Marås kom i sjøveige.

Østers
I 1867 gjekk oppsitjaren på br.2, Per Jakobsen, inn ein kontrakt med infanteriekaptein Anton Friele i Bergen der han pakta bort eit østersfelt for ti år for ei årleg avgift på 4 spd. Feltet låg mellom Haugsnaustet (naustet til garden Hauge) og Selsskjerevika med fluer og skjer som låg utanfor. Friele skulle byggja anlegg for å betra østersavlen. Men førekomsten av østers døydde vekk etter att slusa i Skallestarumen sør for Spjotøyna i Lygra sokn vart opna i 1908. Ho vart laga for at rutebåtane skulle komma inn til Lindåsgarden, men førte altså til ugunstige tilhøve for østersen. Ones og Marås hadde også eit ”Ones og Maraas Ostercompagnie” saman, og som fekk diplom og gullmedalje under verdsutstillinga i Stockholm på slutten av 1800-talet. Diplomet finnes, og er idag på Ones.

Utskiftning
Utskiftninga av innmarka på Marås starta uvanleg tidleg, sett i høve til andre gardar i Lindås sokn. i 1840 vart det krevd utskiftning av innmarka av oppsitjaren på br.1. Utskiftinga av utmarka kom heller seint. Først i 1912 starta utskiftinga av utmarka, og vart avslutta i 1916.

Eigarar
Marås hørte til Allehelgengodset (sjå Hauge) saman med grannegardane Haugsmyr og Hauge, og er oppført med den eigaren i skattematrikkelen i 1647. Seinare vart Marås seld til det ein kalla borgarskapet i Bergen.

Fornminne
Funnet av ein graphing på Marås vitnar om gammal busetnad. Her var ei beinnål, eit snellehjul og ei leirkrukke frå eldre jernalder ( år 0 til 550 e.Kr.)

Kjelde:Bygdebok for Lindås sokn. Band III

 

Bonde Jonas Marås

So mange minne kan for mig bergast,når tanken heime I Lindås ferdast.Dei står på fråstand,dei kjem meg nær-snart noko her og snart noko der.Mange hendingar kjem i svingen og mangt eit bilete sviv i ringen.- Men midt i myldret eg ser ein mann – so framum andre eg kjenna kann.

Herr Jonas Marås ved Lindåsstranda i denne tida var lett å kjenna. Då eg var ti, var han tretti år – og som ein hovding for minnet står. Blant andre menner på kjyrkjebakken var han ein vyrding i bondefrakken. So høg av vokster og rak og raust – med ansikts-uttrykket friskt og traust. Han hadde alltid ein flokk ikringom som ville vita hans syn på tingom. Og nesten stødt var det politikk – som samla menner til ”vinstre” klikk.

Det kan 'kje lenger med ”Høgre”nytta. No må me stryret til”vinstre”flytta! Me lempar Selmer på vidan dør – som aldri nokon minister før! So set me Sverdrup på taburetten – han eig den plassen med folkeretten. Og attåt han set me Ullmann, Steen,

Konow og Berner og slike menn. No er det tid. No kjem Stortingsvalet, me held på kjerna og kastar skalet. Med Sverik vil me ikkje lenger gå,- lat siga ned det som ei kan stå! Det var som folket ein lette kjende. Og jamvel Oskar laut svara ”Ja” –

Jonas Marås tente i mange styrer,- med ikkje lite av ansvars-bører.For ein med lite skulegang – vart det for mykje av arbeidsfang.Det vart ei krisa i dampbåtlaget då Torgeir Risnes fall i frå i slaget.Og so laut Marås bli diriktør – eit arbeid ukjendt for mannen før. Her trongst ei samlande førarevne.Det nye laget heldt på å revne,men Marås var 'kje den sterke mann endå han kjempa so godt han vann.

Det gjekk ei tid, han vart stum og sturen.Ein einsam vaktmann på festningsmuren.Det var som noko han undrast på,men ikkje greitt kunne klåre få. Ein dag fekk vinden rette låten,og Marås huga ein tur med båten.Det sterke draget ved Holmengrå han vilde enno eingong få sjå.So baud han versonen med å vera, og denne meinte han so laut gjera. Dei strekte seglet og ut dei for i solskinsbris over Lindåsfjord. Men snart kom stormen med høge skavlar,og skumkvitt sprøyt over grøne gavlar.

I Feieosen sitt søkk og kav,er råd å finna ei billeg grav. Og Jonas Marås sat stø ved roren,men båten kasta og heiv forloren.Det knast og brast under båretak, so bar det inn under sjoartak. Ei båre hivde seg høgt i dansen og sveipte Jonas med kvite kransen.So seig han under og burte var i Feieosen sin kyrkjegård.

Versonen hekta seg fast til båten og søkte berging på denne måten.Og tenk! frå sør kom ein Firdabåt, gav ljod og la seg åt. Lars Hauge upplivde her eit under - eit svar på skrik i dei stride stunder. Eit liv var burte,eit liv var att. Men stormen auka – og det var snart natt.

Av Gudmund Skodvin.

 

Ei tragisk hending i Haugsgardane for snart 100 år siden.

Min oldefar Jonas Maraas var født på Ones i 1846 og drukna i Feieosen i 1913. Han var odelsgut til både Ones og Marås, men valgte Marås. Min bestefar Lars Olsen Hauge, som var sonen til Jonas var også med på denne turen, men overlevde. Gudmund Skodvin , fødd på Øvre Skodvin skreiv eit dikt om min oldefar Jonas.

Gudmund var lærar i Fana, Bremanger og Sund før dei slo seg ned som pensjonistar i Førde, Sveio. Gudmund var farbror til professor Magne Skodvin.

Skreve av Sigmund Hauge

 

Bilete (juni 2003 Sigmund Hauge)fra Haugsfjellet mot Marås, Trælandsvågen, Ones, Lurefjorden og Sletta på Radøy
Tatt i juni 2003 av Sigmund Hauge fra Haugsfjellet og viser dei to bruka på Marås, Gr.88 Br.1-2

Jonas Maraas Maråsutsikt frå huset til Tor-Bjørn og Nora Gjerstad
Bildet teke rundt jula 2002