Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Nesfossen

 

 

Hundvin.no har på mail fått eit stort bidrag frå Sigmund Hauge. Mykje tekst, og nokre bilete finn du nederst på sida. Dobbelklikk dei for stor størrelse

 

Om Nesfossen

Fra gamalt av har det vore mølner på Nesfossen, eller Hundvinsfossen, som den også har vorte kalla. Matrikkelutkastet i 1723 opplyser at Nesse har to såkalla årgangskverner. Det vil seia at dei kunne drivast heile året, i motsetnad til flomkverner der ein berre kunne mala korn når nedbøren var kraftig nok.

Nesse sine kverner må ha stått på Nesfossen. Her går grensa mellom Hundvin og Nesse. Også hundvinsfolket hadde sine kverner ved fossen. Det var og årgangskverner i følgje matrikkelutkastet.

Alt som låg sør for fossen høyrde til Nesse. Den 8. mai 1835 fekk Johanne Knudsen Storoksa festesetel på eit utmarkstykke kalla Sætre (festesetel tgl.1835, sorenskrivaren i NHL. Pantebok 11.B.a.17a. fol.21a) Johannes kan ha freista ta oppatt det som kan ha vore ein Øydegard i utmarka mellom Nesfossen og Rydlandsvågen og som i ei vegsak fra 1786 er omtala som Sætre. ”en tør gaard uden skau” om lag ein tusen alens avstand sør for Trælevika (sjå Nils Hjelmtveit.Bygdebok for Alenfit. Bd.1.s.683) Trælevika på si side ligg nokre få hundre meter sør for sjølve Nesfossen.

Nils Hjelmtveit meiner likevel at Johannes sette opp husa nærmare fossen. Etter at han slo seg ned der er han alltid nemd Nesfossen når han og kona Anna bar fram borb til dåpen ( sjå Nils Hjelmtveit. Bygdebok for Alenfit. Bd.11A.s.252-253 ) Truleg kunne han vel ha fått ei kjærkomen ekstrainntekt med å hjelpa til ved kvernene, men dette har me ikkje sikre opplysningar om. Derimot veit me at Johannes og Anna fødde fram 7 born på husmannsplassen sin, og at den nest eldste sonen deira, Nils gifte seg og budde der fram til han døydde i 1866. I folketellinga 1865 er Nils nemt som ” arbeidsmann ” og han bur på plassen Nesfossen saman med mor si, kona Anna og tre born i alderen 2 til 6 år.

Husmannplassen på Nesfossen må ha vore ein fredeleg plett. Rett nok kom det fra tid til anna folk frå både Nese og Hundvin for å mala korn på kvernene sine. Det er vel også rimeleg at dei med den rikelege tilgangen på vatn dreiv med kornmaling for andre som enten heilt mangla kverner eller måtte ta til takke med usikre flomkverner. Ellers låg Nesfossen ved den gamle postvegen mellom Bergen og Trondheim. Det må ha vore ei kjærkomen avveksling for folka på Fosseb når postkaren for framom nokre gonger i veka. Då vart det nok høve til å slå av ein prat og fretta nytt.

Nokre år etter at Nils døydde tok det til å verta større trafikk kring husmannplassen og vassdraget. I 1860-åra auka importen av billeg korn fra Svartehavsområda kraftig. Det vart lønsamt for dei som hadde kapital å investera å setja opp store kornmølner. Kornet var så rimeleg i innkjøp at dei med god fortjeneste kunne verta av med mjølet til ein overkommeleg pris for kjøparane. Bergen var største importhamna for korn, og då marknaden utvida seg vart det rift om dei vassdraga i nærleiken av byen som eigna seg for utbygging til mølnedrift. Det var oftast handelsmenn i Bergen som stod bak, og ei rekkje av mølnene låg i Nordhordland. I 1860-åra vart det grunnlagt handelsmølner i Fotlandsvåg, Tysse og Bjørsvik og i 1870-åra i Vaksdal.

Nesfossen, ved utløpet av det største vassdraget på Lindåshalvøya, måtte by seg fram som eit av dei neste. Den som såg sjansen var Hans Jürgen Ehnstedt. Han var fødd i 1841 i Slesvig, og kom til landet som flyktning fra den dansk-tyske krigen i 1864. (fotnote som viser til Hjelmtveit 11A. s. 348-349 ) Sommaren 1871 sikra han seg skøyte på Nesse sin halvpart av fossen, det jordstykket på søre sida av fossen som høyrde til møllebruket og husmannsplassen som Johannes Knudsen ein mannsalder tidlegare hadde fått bygselbrev på ( skøyte av 4.8.1871 tinglese same dato. Nordhordland pantebok 31,fol.327a-b)

Kjøpet kosta Ehnstedt i underkant av 2000 Spesidalar, mange gonger det som var vanleg takst for eit skikkeleg gardsbruk i Nordhordland. Han sat no med ein eigedom på om lag 10 mål. (sjå skylddelingsforretning av 18.6.1871. tinglese 4.8 same året. Nordhordland pantebok 31, fol,326b) og halvparten i fossefallet ”- - - med tilhørende Saug og Møllebrug med Indretninger” Dessuten hadde han rett til å demma opp Kjekkjavatnet ” etter Ønske ” Til gjengjeld hadde oppsitjarane på Nesse rett til fri maling av det kornet dei og etterkomarane deira måtte trengja til husbruk. Dei hadde og rett til å få skore bord og tømmer på saga mot alminneleg betaling.

Nesse eigde likevel berre ein del av vassdraga som munna ut ved Nes eller Hundvins-fossen. På haustparten same året fekk Ehnstedt skøyte på Hundvin sin del av fossen og eit stykke på nordsida av fossen på i alt 2500 kvadratalen (skøyte datert og tinglese 3.11.1871. NHL pb. 31. fol. 361a-b). Det er ikkje nemt noko om at Ehnstedt overtek eksisterande kverner eller sag i dette dokumentet. Men av samanhengen går det fram at oppsitjarane på Hundvin må ha hatt kverner her. Ved sidan av retten til fri maling og tilgang til sagbruket mot å betala ”- - - den pris, som er almindeleg i Egnen - - - ” tok dei nemeleg også unna rett til, om dei måtte ynskja det, å setja opp ei ”Kalkvern” på den staden der Jakob Andersen til no hadde hatt si kvern ståande. Med på kjøpet fekk Ehnstedt rett til å utminera Hundvinsvatnet ”- - - så lavt som han maate ønske det - - -” Kjøpesummen var 1421 Spesidalar.

Same hausten kjøpte Ehnstedt også halvdelen av vassrettane i Treskallen av ein oppsitjar på Grimstad, ein på Berge og to på Leivestad. (skyldelingsforretning av 2.10. og skøyte av 3.11 1871, begge tgl. 3.11.1871. NHL pb. 11.B.a.31, fol, 360a-b). Treskallen ligg mellom storevatnet og Kjeggjavatnet., og desse bruka hadde kvernene sine her. Dei vert no overteke av Ehnstedt saman med grunnen rundt, mot at dei tidlegare eigarane fekk rett til fri maling av korn.

Halvdelen av elva fra Hundvinvatnet hadde Ehnstedt tatt retten til ved kjøpet fra oppsitjarane på Hundvin. Resten fekk han sikra seg kjøpekontrakt på frå eigarane på Grimstad 24. august 1873. Skøyte fekk han i Juni året etter (datert 12.6.1874. tgl. Same dato, NHL pb. II.B.a.32, fol 361b). For dette skulle dei ikkje ha betalaling i kontantar, men fri rett til å male det kornet dei måtte trengja til husbruk i Ehnstedt si kvern på Treskallen. Ehnstedt på si side fekk rett til å demma opp vatnet til ei viss høgd, som var avmerka ved eit kors i berg nær elvemunningen. Av skyldelinga (tgl. 12.6.1874, NHL pb. 11.B.a.32, fol. 361b) det fram at oppsitjarane på Bruvoll, ellet Tveiterås som garden den gongen vart kalla, hadde inngått ein avtale med Ehnstedt om oppdemminga av vatnet.

Rettane i Treskallen må ha vore svært viktige for Ehnstedt for også å kunna utnytta vatnet frå Storevatnet. Han kjøper difor resten av vassdraget av oppsitjarane på garden Seim. Mot at dei også får rett til å mala kornet sitt der utan betaling. Det skjer først i 1876, etter at stormølne til Ehnstedt alt hadde vore i drift i fleire år. /skyldelingsforretning av 8.5 1876. Skøyte av 26.5. 1876. begge tgl.26.5.1876. NHL pb.33. fol. 261b-263a.) Brukarane på Seim som åtte andre halvdelen hadde tidlegare fått 350 speidalar.

Dei samla utgiftene Ehnstedt hadde for å tileigna seg Nesfossen, Treskallen og vassrettane knytte til det vassdraget han her utnytta var i midten av 1870-åra komne opp i over 4000 Spesidalar. På den tida var det ein heller stor sum i lokal målestokk når ein veit at det framleis var mogeleg å kjøpa eit vanleg gardsbruk for nokre få hundre spesidalar, og at ei ku ikkje kosta over - - - (5 ?) speidalar.

Utgiftene til å setja opp moderne møln og andre hus på Nesfossen kom utanom dette. Alt før han hadde sikra seg rettana til alt vatnet som rann ut ved Nesfossen var Ehnstedt i gang med å bygga mølna. Me veit ikkje sikkert kva år ho stod ferdig, men det har truleg vore alt ved årskiftet 1871/1872. Det kan me sjå av ein panteobligasjon som Ehnstedt skreiv under 2. Januar 1872. ( tgl. 7.2.1872. NHL pb. II.B.a.31. fol. 420b). Her stilte han Nesfossen med ”- - - derved opførte mølle - - - ” som sikkerhet for eit lån på 1000 speisdalar som han fekk fra skreddarmeister Gustav Ultsch i Bergen.

Dette lånet var ei 2. prioriteringslån som var rangert etter dei 1450 spesiedalar som Ehnstedt skyldte oppsitjarane på Hundvin og Nesse. At det verkeleg er ei ny møln det er tale om ser me av teksten i obligasjonen der det mellom anna er nemnt turbinar. Det var nok ikkje dei gamle bygdemølnene ved fossen utstyrt med.

Den første mølne som Ehnstedt bygde på Nesfossen låg nær ved tjørnet nedanfor fossen. Det var ein - - - ( 4 etasjars ) bygning som stod til like etter 2. verdskrigen. Når Ehnstedt seinare fekk bygd nyemølne, vart den gamle mest brukt som lager av korn og mjøl. Det vart då laga ein gangveg mellom x etasje i gamlemølne og y etasje i den nye.

Nesfossen ligg i utkanten av dei store skogsområda mellom Rydlandsvågen og Storevatnet. Det var vel difor lett for Ehnstedt å få kjøpt den naudsynte skogen i nærleiken og tømmeret vart venteleg saga ved fossen.Me veit ikkje kven som bygde mølne for Ehnstedt, men søre delen av Lindåshalvøya høyrde til eit område der mange brukarar kombinerte garden med bygningsarbeid. Det var vel difor heller ikkje vanskelg å få dugande bygningsmenn til å føra opp dei husa han trong.

I 1875 får med ei første utfyllande opplysningar om mølne og drifta der. Då figurerar ho i ei oversikt over ” Industrielle anlegg i Søndre Bergenhus Amt ved udgangen af 1875 ”

(SAB. Amtmannen i Søndre Bergenhus Amt, lnr. 783) Her er det opplyst at møllebruket vart oppretta i 1872. Det vart drive av vasskraft som tilsvara om lag 40 hestekrefter og hadde 6 par møllesteinar. Det var i drift heile året, og det vart malt 30.000 tunner rug og bygg her årleg. I alt arbeidde det 11 mann ved mølne utanom styraren og ein på kontoret.

Anlegget er omtala som ” Møllebrug og sagbrug ” og det er opplyst at det også fans teit opståande sagblad, men at sagbruket berre er i drift 2-3 månader i året. Det skulle vistnok beskeftiga 1 mann.

 

Samtidige mølner og sagbruk.

Namn

År

Plass

Hkr.

Arbeidarar

Møllesteinar

Tønner korn

Ulriksmøllen

1854

Årstad

-

7

5

-

Storemøllen

-

Årstad

25

9

11

-

Heggernes

Dampmølle

1868

Årstad

Landsogn

60

30

7

62000

Davangers

Møllebrug

1853

Askøy

20

7

5

-

 

Tvedtevaags

Møllebrug

-

Askøy

20

6

2-3

-

Strudshavn

Møllebrug

1838

Askøy

30

3-4

4

-

Florvågs

Møllebrug

1838

Askøy

12

3

6

-

Ask

Møllebrug

1858

Askøy

70-80

14

12

-

Gravdals

Møllebrug

”Har exixteret i over 700 år”

 

Laksevåg

50

22

6

-

Sten (Stend)

Møllebrug

1851/1859

Fana

60

18

16

21.570

Fyllingsmøllen

1858

Fana

16

4

4

-

Midthunsbruget

1857

Fana

6-8

3

2

950

Kobbeltvedt

Møllebrug

1851

Fjell

-

4

7

-

Knarrevig

Møllebrug

1874

Fjell

-

6

4

-

Eidsvåg

Mølle

1857

Hamre

(Åsane)

120

22

4 turbinar

15 mjølsteinar

-

Aastedt

Mølle

1861

Hamre

(Åsane)

15

4

4

-

Totlandsvaags

Kornmølle

1865

Hosanger

-

20

9

-

Tøsse Mølle

1867

Hosanger

75

13

11

-

Bjørsvigs

Møllebrug

-

Hosanger

30

7

-

-

Nesfossen

Møllebrug og sagbrug

1872

Hosanger

40

11

6

30.000

Vaxdals Mølle

1872

Haus

215

38

4

turbinar

-

Frugaards

Mølle

1867

Stord

8

2

6

-

 

Ved utgangen av 1875 skal det ha vore 11 arbeidarar på Nesfossen ved sidan av Ehnstedt sjølv og ein som arbeidde på kontoret. Kven var så desse arbeidarane ? Den 31.12.1875 vart det teke opp ei folketeljing med opplysningar om ”Livsstilling”. Her finn me den 65 år gamle kårmannen Ole Johannesen fra Hundvin, som også var smed, og husmannen Nils Nilsen fra husmannsplassen Lien på samme garden registrerte som møllearbeidarar.

På Nesfossen finn me mølleeigaren sjølv.Ehnstedt. Han har enno ikkje slått seg ned der med huslyden og siste dagen i året når folketeljinga var teken opp er han i Bergen. På Nesfossen treffer me fleire av dei som arbeider på mølne. Gullak Andersen ,( Gullak Andersson Sagstad ,1843-1920 frå Meland g.m. Oline Karine Hansdotter Skålevik , 1848-1874 attgift m. Anna Bertine Hansdotter 1854-1926 truleg frå Loddefjord. Oline og Gullak fekk 1874 festesetel på utmarkstykket Mølleplassen av Søre Hundvin og bygde hus der. Etter bygdebok for Lindås,Hundvin sokn) snekker og møller bur på Nesfossen med huslyden sin. Peder Lande som er ført opp som møller og handelsmann og som bur på fossen saman med kona. Der er desutan unkaren Nils Olsen og Ole Olsen, den første møller, den andre smed.

Busette på fossen, men fråverande i nyttårshelga var møllarane Martinius Olsen,Ole Andersen og Johannes Jakobsen. Dei to første oppheld seg den 31.12. på Litleskare i Alversund, den siste på Brundland i Lindås. Venteleg var det ugifte ungdomar som var heime på Jule-og nyttårsbesøk.

I folketeljinga 1875 finn me såleis att 9 av dei 11 arbeidarane. Dei fleste av dei er knytte til mølne utan å ha gardsbruk ved sida av. Seinare skal dette koma til å endra seg. Då var mange av møllearbeidarane garbrukarar som arbeidde på Nesfossen ved sidan av garden. Det kan difor henda at dei to me ikkje har funne i folketeljinga er garbrukarar, utan at dei som tok opp teljinga har funne det naudsynt å gje opp attåtyrke.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Frå Sigmund Hauge har me fått dette innlegget sendt på mail;

Teksten under er eit kåseri som John Ragnar Myking heldt den gongen vi dreiv "Radio Nybrot" Kanskje kan dette vera intresant å leggja inn på Hundvin.no . Sender også med nokre bilder fra Nesfossen.

Av Jon Ragnar Myking;

Då eg vaks opp var det noko trolsk over Nesfossen.Langt fra alfarveg var det,inne i djupe skogen mellom Hundvin og Seim.Alltid duren frå fossen som kasta seg utfor og song inne mellom store mørke granar.I bakgrunnen kvite,folketomme herskapshus i tidleg sveitsarstil og ein umåtelig stor tom fabrikkbygning nede ved sjøen.Kom du der seint om kvelden,som nokon av oss gjorde av og til, trong du ikkje mykje fantasi for å sjå skrømta flagra mellom husa.

Besteforeldregenerasjonen vår hadde eit heilt anna inntrykk av plassen.For dei var Nesfossen,eller berre "Fossen" som dei sa,ein plass full av liv og røre.I fabrikkbygningane vart det male korn og ved mølne kunne det liggja store laktarar og lasta og lossa.På saga vart det skore tømmer.Mange av dei vaksne i Hundvingrenda hadde arbeidet sitt på Nesfossen.ungane nærma seg staden full av age for dei mektige bygningane og herskapsfolka som budde der.

Nesfossen ligg ved utløpet av dei store vassdraga mellom Hundvin og Seim.Her renn vatnet frå Storevatnet , Kjeggjavtnet (eller Nesfossenvatnet som det og vert kalla ) og Hundvinsvatnet ut i fjorden.Like før det når sjøen kastar det seg utfor to fossar , den eine ved utløpet av Kjeggavatnet , den andre frå tjørnet nedanfor og ut i sjøen.

Få stadar låg betre til rette for å setja opp kvernhus.Me veit ikkje om det har vore fastbuande folk her før i 1830- åra, men det var fleire kverner frå gamalt av.Kvernene høyrdre til gardane Nese i Seim og Hundvin.Det var årgangskverner,det vil seia at dei kunne drivast heile året i motsetnad til dei meir vanlege flomkvernene der ein berre kunne mala korn når nedbøren var kraftig nok.

Alt som ligg sør for fossen høyrde til Nese. I Mai 1835 fekk Johannes Knudsen frå Storoksa på hi sida av Lurefjorden feste setel på eit stykke utmark her og slo seg ned som husmann saman med familien sin. Her dyrka han litt korn og pote og fekk seg ei kyr eller to og nokre smalebeist.

Enno må Nesfossen ha vore ein fredelig plett. Rett nok kom det fra tid til anna folk for å mala korn på kvernhusa. Eit par gonger i veka for også postbonden forbi , på veg frå Hundvin til Nese eller attende. Nesfossen låg ved den gamle postvegen mellom Bergen og Trondheim som vart teken i bruk på slutten av 1700-talet. Det må ha vore ein kjærkomen avveksling for husmannsfolka på Fossen når postkaren for framom. Dei hadde langt til næraste granne og sette sikkert pris på å slå av ein prat og fretta nytt.

Så kom den nye tida til Fossen. Den kom med eitt slag, så å seia over natta. Det var ikkje lokale krefter som styrde utviklinga, men kapital og marknadskrefter utanfor Strilelandet. I 1860-åra strøymde marknaden over av billeg korn frå dei gode jordbruksområda kring svartehavet. På Vestlandet var både bønder og byfolk avhendige av importert korn. Byfolket måtte ha mjøl, men gardbrukarane pla kjøpa umalt korn av bondehandlaren i Bergen. No vart kornet så rimeleg i innkjø at det kunne løna seg for importørane å få det malt og likevel selja det til ein overkomeleg pris både for den veksande bybefolkninga, bøndene i omlandet og for ikkje å gløyma dei kornfattige fiskarane i Nord-Noreg.

Skulle Bergenskjøpmennene mala korn måtte dei ha vasskraft.Enno var dampmaskinene dyre og usikre alternativ, og elektrisiteten knapt oppfunnen. Difor kasta dei augo sine på vassdraga i Nord-og Midhordland. Vassdrag etter vassdrag vart kjøpt opp. Snart var det handelsmølner både i Vaksdal, Fotlandsvågen, Tysse og i Bjørsvik i tillegg til eldre mølner nærare Bergen.

Nesfossen, ved utløpet av det største vassdraget på Lindåshalvøya, måtte by seg fram som eit av dei neste. Den som såg sjangsen var ein framsynt ung mann frå Slesvig, Hans Jürgen Ehnstedt. Han kom til Noreg som flyktning frå den dansk-tyske krigen i 1864, berre 23 år gamal. Sommaren 1871 sij\kra han seg rettane til fossefallet og eit jordstykke på kvar side av fossen frå gardane Nese og Hundvin. Husmannsplassen som Johannes Knudsen Storoksa hadde rydda ein mannsalder tidlegare følgde med. Deretter fekk han hand om vassrettar i Hundvinsvatnet og han kjøpte Treskallen frå opsitjarar på Grimstad, Berge, Leivestad og Seim. Treskallen ligg mellom Storavatnet og Kjeggjavatnet og var svært viktig for Ehnstedt for å få tilgang til vassreservane i Storavatnet.

Alt i Alt betalte Ehnstedt over 4000 Spesidaler for grunnen og vassrettane, ein svær sum i dei dagar når ein kunne få ein god gard for 4-500 dalar. Kvar han fekk pengane frå veit me ikkje, men inngifte i ei av dei gode kjøpmannsslektene i Bergen minka sikkert ikkje kredittverdet til Ehnstedt.

Dei siste kontraktane var ikkje vel i hamn før byggjeverksemda kom i gang. Alt i 1872 stod mølne ferdig. Det var ein 3-etasjers trebygning med loft ved nederste fossen mellom tjørnet og fjorden. Den skal ha stått til etter 2. verdskrigen, eldre folk hugsar han sikkert godt.

Då mølne var ny var ho mellom dei største og mest moderne på Vestlandet med vassturbinar o 6 møllesteinar. I 1875 vart det rapportert til amtmannen at anlegget utvikla 40 hestekrefter og at utanom Ehnstedt sjølv og ein kontorfunksjonær hadde 11 mann arbeidet sitt der. Dei malte 30.000 tunner rug og bygg i året. I tillegg held dei gåande ei sag i 2-3 månader om året.

Drifta ser ut til å ha gått godt på Nesfossen den første tida, men konkurransen vart skarpare. Nye konkurrentar kom til, mellom anna på Kvinge i Masfjorden, og dei gamle, som i Bjørsvik og Vaksdal moderniserte og utvida. Ehnstedt måtte gjera noko, og i 1880-åra er han ute etter å sikra seg utvida vassrettar. Mellom anna vil han ha rett til å senka Storavatnet med 24 tommer. Denne gongen gjekk det ikkje fullt så lett som tidlegare. Han møtte motstand frå fleire av oppsitjarane rundt Storavatnet, men det kom til rettsleg forlik i 1890.

Dei utvida vassrettane skulle sikra drifta av den nye mølne som Ehnstedt sette i gang bygging av på denne tida, ein ruvande trebygning med 4 fulle atasjer og stort loft. Det er sikkert denne bygningen, som stod like til 1960-åra, som folk helst tenkjer på som mølne på Nesfossen. Den nye mølne vart reist litt sør for den gamle, med kasseforma vassleidningar av tre frå øvre fossen og ned i turbinane.

Bygningane var no moderne, vasstilgangen rikeleg og arbeidskrafta som kom frå dei næraste gardane, stabil, billeg og tolsam. Likevel klarte ikkje Ehnstedt halda drifta gåande lenger enn til fram mot 1. verdskrigen. Dette hadde truleg med den sterke konkurransen å gjera, framfor alt med den nye teknologien som på ein mannsalder snudde opp ned på strukturen i heile den Norske mølleindustrien.

Den første nyvinninga var vassturbinen. Den auka ytinga av vasskrafta 4-5 gonger i høve til det tradisjonelle vasshjulet. Her var Ehnstedt med frå starten. Turbinar var installerte alt i den første mølne som var ferdig i 1872. Neste nyvinninga var valsestolen. Den vart teken i bruk frå 1880-åra og utover erstatta dei gamle møllesteinane. Valsane kunne mala langt større kornmengder både billigare og meir effektivt.

Ehnstedt tok ikkje i bruk denne teknologien då han bygde nyemølne, men nøyde seg med tradisjonelle turbinar og møllesteinar. Kan henda var skeptisk til det nye, kan henda vart det for kapitalkrevjande for han. Det veit me lite om, men konsekvensane kan me sjå. Konkurrentane Bjørsvik og Vaksdal gjekk tidleg over til å verta valsemøller, Bjørsvik alt i 1884 og Vaksdal truleg ved oppbygging etter ein brann i 1890. Dermed vart det berre eit spørsmål om tid før det store valet ville presentera seg også på Nesfossen, nyinvesteringar eller nedleggjing. Ehnstedt , som etterkvart hadde vorte ein gamal mann, valde, eller vart tvinga til å velja, det siste. Kring 1912 eller 13 var det slutt.

Så lenge mølne på Nesfossen var i drift var det eit yrande liv alle dagar utanom sundagane frå tidleg om morgonen og til seine kvelden. Då mølne starta opp i 1872 var det ein del unge folk, helst tilflyttarar som arbeidde der, men desse vart etter kvart erstatta av gradbrukarar og plassmenn frå dei næraste gardane. Det var folk frå Grimstad, Tvørna, Bruvoll og Hundvin ved sidan av nokre få som budde på Nesfossen. Dei fleste hadde ein gard eller eit lite jordstykke å leva av utanom arbeidet på mølne. Det vart det oftast kona og ungane som måtte slita med, for møllearbeidet var hardt og arbeidsdagen lang.

Kornet kom frå Bergen i skuter eller på lektarar som dei og vart kalla. Dei hadde ikkje eigen maskin, men vart trekte av ein slepebåt. Ehnstedt åtte to slike skuter som kvar lasta opp mot 1000 sekkjer korn. Nokre år før det vart slutt på fossen rauk det opp til storm og uvær medan ei av skutene hans låg ved mølne. Dei prøvde berga skuta og lasta, men det stod ikkje til. Den gjekk ned med 600 sekkjer bygg. Ut for mølnr er sjøen djup, og ingen skal ha sett meir til korkje skuta eller kornet.

Til vanleg tok dei til med arbeidet klokka 6 om morgonen og stod på til klokka var 7 om kvelden. Om Ehnstedt fekk tak i mykje korn var det stundom nattearbeid i tillegg. På mølne held dei ein time middag midt på dagen. Enno er det dei på Hundvin som har vore med på å gå på Fossen til faren med middagsmat då dei var born.

Arbeidet var hardt, men betalinga dårleg. Det vart fortalt at dei på meste fekk dei frå 1 krone og 80 øre og opp til vel 2 kroner, ikkje for timen, men for dagen. Det høyrest lite ut, og det var sanneleg ikkje mykje heller. Sjølv om møllearbeidarane kring Bergen var ei lågtlønsgruppe som tente mindre enn industriarbeidarar flest, hadde dei som arbeidde på Nesfossen minst 50 øre dagen mindre enn gjennomsnittet. Når dei likevel greidde seg, kjem vel det av at så godt som alle hadde eit lite jordstykke å spe på med.

Ehnstedt sjølv hjorde det nok betre, det vitnar dei to herskapshusa han fekk reist på Nesfossen om. Det eine var brukt til selskaps- og dansesal for dei mange gjestane, for det meste frå Bergen, som Ehnstedt og frua stadig inviterete. Likevel var Ehnstedt sjølv alltid med i mølne, frå tidleg om morgonen like til siste mann var ferdig kvar evige dag. Han skal ha vore ein tolmodig mann som ikkje sa eit vondt ord til nokon.

Etter at møllesteinane stilna for godt kring 1912 eller 1913, vart tilhøva på Nesfossen aldri dei same att. Ehnstedt og huslyden hans budde der til ut i 1920-åra, då dei flytte til Frekhaug. Eigedomen vart seld, først til firmaet Brødrene som laga tjøredrev, deretter til Maurset som dreiv sagbruk og kassefabrikk. Etter siste krig vart det gjort eit forsøk på å starta tranfabrikk her, men heller ikkje dette varde lenge. Så låg eigedomen lenge brakk før det i slutten av 1960-åra vart det sett i gang med ominnredning av båtar,mellom anna fleire av dei gamle fjordabåtane, slik som t.d. Alversund, men dette tok også snart slutt.

I dag er både dei staselege villahusa og dei store mølnebygningane brende. Lite vitnar om det yrande livet som ein gong var, om dei store pengane og herskapslivet for dei få og om det harde slitet og men den velkomne attåtinntekta for dei mange.

Mølleindustrien var i si tid ei vekstnæring på våre kantar. Kvar tid har kvar sine slike næringar. I dag er det olje og fiskeoppdrett. Slik sett kan me seia at ringen på nytt er slutta på Nesfossen i dag.

 

Jon Ragnar Myking.

Nesfossen ligg framme ved fjorden. Mot nordaust ligg Tvorna, med bygdeborg Mulen til venstre. Foto av Arne Årseth, Studio Nordhordland Nesfossen Mølleplassen