Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Ones

Litt historie om Ones, Gnr.86 (bilete nederst på sida)

Ones ligg på eit langstrakt nes sørvest for garden Lindås. Garden er landfast med Træland og Kvalvåg i sør og sørvest. Fleire holmar og øyar i Osane høyrer garden til, dei største er Bjørnøya og Langøya.

Om namnet
Den eldte kjende namneforma, Onanæss, er frå Munkeliv kloster sine jordebøker frå 1427 og 1467. I 1522 skreiv dei Oneness og i 1563 Onnes, for så på 1600-talet å gå over til Oenes. Denne forma, med mindre avvik, held seg til ut på 1800-talet då Onæs og Ones vart det vanlege. Forma Oneimsnes, som er brukt om Ones i ei jordebok kring 1490, vil ein tru er forveksling med ein øydegard på Holsnøy som høyrde til same klostergodset. Matriklane frå 1838 og 1852 nytta skrivemåten Onnæs (Onanæs). I ”Norske elvenamne” av O.Rygh er Ones førd mellom gards-namn som kan vera utleidd av elvenamn. Første lekken –on skulle då tyda; Ein stad der ein venta å finna noko, t.d. ein fiskeplass. Vidare skriv O.Rygh at –on i Onanæss og Onarheim på Tysnes har same grunntyding. Onarheim ligg ved eit elveutlaup, men ”efter det det ubetydelige vandløp paa denne garden” (Ones), held Rygh det for lite rimeleg at første lekken kan vera eit elvenamn. Når Rygh går bort frå elvenamnteorien, så meiner han at –on i namnet snarare må tyda eit avgrensa stykke land, ein teig, engstrimmel eller åkerlapp. Til Rygh sin merknad om elv på Ones er å seia, at rett nok vantar det elvar på Ones, men Kvalvågsvatnet er grensevatn mellom Ones og Kvalvåg, og den heller vassrike elva som renn frå vatnet vart truleg rekna som eit naturleg skilje på den tid området fekk namn.

Alder
Gardsnamn med endinga –nes var vanlege i høg-mellomalderen. Det eldste provet på busetnad på Ones finn ein i ei jordebok for Munkeliv kloster frå 1427. Skylda var då sett til 4 laupar. Det at fleire gardar hadde lægre skyld, kan tyda på at garden hadde vore busett i lengre tid. John Ragnar Myking har i arbeidet ”Jordbrukskrise og busetnad i Lindås skipreide i seinmellom-alderen” rekonstruert gamal skyld og talet på bruk på gardane i Lindås i høgmellom-alderen. Han kjem til at Ones hadde ei skyld på 5,5 laupar/månadsmatsbol og at det var to bruk. Nedgangstidene gjorde seg gjeldande også her, men ein finn ikkje teikn på at garden har lege øyde i tida etter svartedauden.

Fornminne
Det er gjort lausfunn på garden etter fangst –og veidefolk: ei flintskrape, ein knakkestein og eit fint forma vestlandsøks. Frå mellomalderen er det m.a. funne eit dekorert spenne, eit spinnehjul og to bryne som er levert inn til Bergen Museum.

Utsikt mot Ones frå Marås