Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Skodvin

Litt historie om Nedre Skodvin, Gnr.94 i Lindås sokn

 

Om namnet

Nedre Skodvin ligg heilt sør i Lindås sokn og grensar mot Hetlehovda i vest, Brunnsland i nord , Øvre Skodvin i aust, og i sør mot Konglevoll i Lygra sokn. Garden grensar ikkje mot sjøen. Naustet til Nedre Skodvin låg ved Trælandsvågen på garden Haugsmyrs grunn. Nedre Skodvin hadde vassfall for kvern. Kverna vart nemnd frå 1776, og låg i Austre elva, som renn vidare til Haugstjørna. Det finst steinrestar etter kverhuset. Garden ligg ved hovudvegen (noverande riksveg 57), slik at Nedre Skodvin har hatt vegsamband lenge. Den gamle trondheimske postvegen nordover frå Bergen gjekk m.a. gjennom Nedre Skodvin. Garden fekk eletrisk straum i 1921. Målt etter skatteskyld og folketal er Nedre Skodvin ein middels stor gard i Lindås sokn. Den gamle landskylda var på 1 laup smør og ½ tønne malt.

Skodvin er delt i to gardar, Nedre Skodvin og Øvre Skodvin (Gr.96). Forstavinga kjem av gammalnorsk sko ð, med usikker tyding, men som mange meiner kan tyda på skoda, sjå på. Endinga vin tyder naturleg eng og er mykje brukt i sørnorske gardsnamn. Gardsnamnet Skøyen, som finst mange stader på Austlandet, er opphaveleg same namnet. Forstavinga i Skånevik ( i Etne) har og same tydinga. Gardar som endar på - vin reknar ein er frå eldre jernalder (omlag år 0 til år 400 e.kr.) I 1518 vart det skrive Skodwen, i 1519 Skwdwm, i 1563 Skoduim/Skoduin, i 1603 Nedre og Øffre Scoduenn, så ein prøver tidleg å halda desse to gardane frå kvarandre. I 1628 var namna skrivne i eit eitt ord: Nederschoduen og Øfferschoduen. I Kyrkjebøkene på 1700 - talet og framover vart det og stort sett skilt mellom Nedre og Øvre Skodvin, med mange variantar, t.d. N.Skodvend, Nedre Schodven og Øvre Schodven. I matriklane på 1800 - talet vart det skrive Nedre og Øvre Skodven. Vedteken skriveform er Skodvin, i samsvar med ordtydinga.


Bruk

Skodvinsgardane var nemde i skattemanntala i 1519. Då var det to brukarar her, så garden var delt i Nedre og Øvre Skodvin alt då. Dei to gardane var like store, med same landskyld og skatteskyld. Det er uvisst om det var drift her i åra etter Svartedauden (1349). Tarald var den eine oppsitjaren på Skodvin i 1519. I 1522 vart han skriven som ”Torall paa nedher Skodwenn”, så han budde altså på Nedre Skodvin.

Nedre Skodvin var tidlegare krongods, dvs i eiga til Kongen. Garden er såleis oppført som krongods i lensrekneskapen for 1597. I eineveldetida ( frå 1660) vart mykje krongods selt pga statleg pengemangel som følgje av utstrekt krigføring, og i 1663 vart Abel Munthe (d.1676) eigar av Nedre Skodvin. Ho budde i Bergen og var dotter av biskop Ludvig Munthe, og enkje etter presten Peder Nilson Lem (d.1663). Frå 1677 til 1686 var oberstløynant Kristian Nilson Holberg i Bergen eigar av Nedre Skodvin. Enkja hans vart skriven som eigar frå 1688. Ho var Karen Lem f. 1647 d. 1695, dotter av Abel og Peder ovanfor. Sonen til Karen og Kristian var forfattaren Ludvig Holberg. I 1704 hadde soknepresten Johan Madsen f.1647 d. 1719 fått hand om Nedre Skodvin, og seinare vart enkja hans og hennar arvingar eigarar av Nedre Skodvin. Denne garden kom heller seint i sjølveige. Ikkje før i 1838, då oppsitjaren Per Olson kjøpte det. Frå omlag 1606 var Nedre Skodvin delt i to bruk. Denne bruksdelinga heldt seg heilt til eit bureisningbruk vart frådelt rett etter krigen (br.3). Skodvin Skule ligg på Nedre Skodvin. Ein husmannsplass var på garden på byrjinga av 1700 - talet.

Fornminne

Funnet av to snellehjul, leirkrukker, kleberbolle, sverd og øks vitnar om gammal busetnad. Gjenstandane låg i ein av fleire gravhaugar på Nedre Skodvin. 100 meter nord for tunet på br.2 er ei røys bygd av steinar, som truleg har vore eine sida i ei gravkiste.

 

Kjelde Bygdebok for Lindås sokn, Band III

 

 

Nedre Skodvin
Gr.94 Br.3
Nedre Skodvin
Gr.94 Br.2
Nedre Skodvin
Gr.94 Br.1