Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Træland

Litt historie om Træland, Gnr.92 i Lindås sokn

Træland ligg sør i Lindås sokn ved den sørlige enden av Trælandsvågen, med Hauge og Hetlehovda i aust, Haugsmyr i nord, og Ones og Kvalvåg i Vest, Hundvin i sørvest samt Bruvoll i nord aust, dei fire siste gardane ligg i Lygra sokn. Målt etter skatteskyld er Træland ein middels stor gard i Lindås sokn. Fra gammalt av låg nausta til Træland ved Trælandsvågen i utmarka til Haugsmyr. Herfrå var det lettare tilgjenge til gardstuna enn frå eigen grunn i den inste delen av Trælandsvågen (pamphavet). Garden fekk eletrisk straum i 1921. Træland fekk vegsamband mot sør i 1957. Kvernhuset låg i elva som renn ned i Litlehovdetjørna og her er enno restar etter kverhusmurane. Etter utskiftninga skulle kverhusplass og stemme nyttast i fellesskap som før. Det er uvisst om Træland låg audt etter Svartedauden (1349). Den første nemngjevne oppsitjaren var ”Askel på Treland” i 1519.

Om namnet
Forstavinga i namnet er truleg træl i tydinga slave, dvs at gardsnamnet tyder land som vart gjeve trælar til oppdyrking. At jord slik vart gjeve til trælar er omtala i Snorres Heimskringla. Trellevik i Sund har same tydinga. Gardsnamn med endinga - land reknar ein er frå tida 400 til 1050 e.kr. Træland var kyrkjegods som låg til Lindås prestebol. Det var soknepresten som bygsla vekk garden og fekk leigeinntektene, som ein del av løna si. I kjeldene vert slikt kyrkjegods nemt som ”benefisert, dvs. at godset hørte til eit embete. Mange av desse er oppførte i ”Bergens kalvskinn” frå 1329, som er eit oversyn over godset til biskopen i Bjørgvin. Då vart namnet skrive Þ rælanlande ( Þ = Th ). Træland var kyrkjegods heilt til dei dåverande to bruka kom i sjøvleige i 1846 og 1835. Sriveforma var Threlandt i 1563 og Trellandt i 1590. Den gjeldande skrivemåten Træland er nytta første gongen i 1603. Trælland vart nytta i 1655, samt saman med Træland var det den vanlege namneforma i kyrkjebøkene på 1700 - talet.

Bruk
Garden var einbølt fram til 1603 då den vart delt i to bruk. Rundt 1620 kom det til eit tredje bruk som seinare vart lagt tilbake til bruk 3. I1857 og 1887 vart dei to bruka på Træland delte, slik at det er fire hovedbruk på Træland. På midten av 1800-talet hadde garden tre husmannsplassar, den eine vart seinare eige bruk (Trælandslia).

Fornminne
Det er ikkje kjende fornminne frå Træland.

 

Kjelde:Bygdebok for Lindås sokn. Band III

 

Klikk på bilde for større !

 

 

Træland Gr.92
Træland Gr.92
Træland Gr.92
Træland Gr.92
Solnedgang over "Trælands-nøstna"
Teke 270203
Vinter i badevika, Træland
Vinter i badevika, Træland