Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

Vik

Litt Historie om Vik, Gnr.50 (bilete nederst på sida)

Vik ligg i vesthaldet på den nordaustre sida av Vikavatnet. Nede ved vatnet er det fine, flate bøar, og garden dreg seg oppetter mot ei lun hole i sørkant av Selifjellet. I utmarka i sør og aust har garden sams grense med Grov og Nedretveit, i nord og vest er Seli grannegard. Garden Vik var den inste garden i det gamle Lygra sokn, og har såleis lege i ein utkant i sokna. Garden har hatt mykje samkvem med nabosoknene.

Om namnet
Vik er eit naturnamn og er eit mykje nytta gardsnamn. Usamansette naturnamn i ubunden form er mellom dei eldste gardsnamna. I dei første nedteikningane av garden, er namnet skrive Viik. Det er kring 1360. På 1500-talet finn ein namneformar som ”i Vig” eller ”i Wig”.Oldfunn er ikkje registrert.

Frå venstre: Berge, Seli og Vik. Foto av Arne Årseth, Studio Nordhordland