Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

 

Har tolv born i vente

Magane veks om kapp og babyane står i kø. I eit byggefelt med rundt 30 hus er det no sju smårollingar på gang.

Av Anne-Lise Nordpoll Publisert 30.01.09 17:33
Endret 30.01.09 17:32

Utdrag frå Strilen, hundvin.no fikk samtykke til publisering.

– Eg trur heile bygda snakkar om det no. Det er nesten som det er smittsamt, seier Bjørghild Ones Spjell og ler.

I vår og sommar ventar dei smårollingar i hus etter hus på Hundvin. Ekstra spesielt er det i Hundvin Bustadfelt der heile seks kvinner no går rundt med struttande mage.

 

– Positivt for skulen

– Det er veldig artig. Alle me som er samla her no har born frå før, og dei fleste har termin i mai, juni og juli, seier Anita Gjerstad.

Når Strilen inviterer seg sjølv på besøk, har Anita og Bjørghild klart å samla åtte kvinner i bygda som har fått, eller ventar born i 2009.

I sofaen til Anita har Anne Karin Leivestad Hauge, Anne-Gro Valdersnes Larsen, Therese Vaktskjold, Ada Kristin Farraj Elisabeth G. Veland og Lena Andersen funne seg godt til rette. Dei er godt nytt i ei bygd der nedlegging ligg som eit spøkelse over både skule og kyrkje.

– Du skulle nesten tru det var ein konspirasjon mot kommunen dette her, seier Bjørghild og ler.

– Ja, dei skal få slita med å leggja ned noko no når det kjem så mange born i bygda. Berre vent, snart vert det nok både A og B-klasse, spøk,er resten av gjengen.

– Heilt tilfeldig
Tidlegare har Skodvin skule hatt frå to til ti elevar i førsteklasse. Om dei som ventar barn no held seg i bygda, får ein smårollingar nok til eit heilt fotballag på eit knapt halvår. Nokon kampanje frå bygda si side er det likevel ikkje snakk om.

– Det er heilt tilfeldig, seier damene i kor når Strilen spør.
– Eg hadde høyrt rykta om at det var mange gravide, men eg hadde aldri trudd at det kunne vera så mange, seier Anne-Gro.

11 gravide og ein nyfødd
Dei gravide kvinnene veit at det i alle fall er elleve personar som ventar barn i bygda. Men dei kan ikkje utelukka at det kan vera fleire. Med eitt barn ute av magen, og ei kvinne som ventar tvillingar reknar dei seg fram til minst tretten nye born i 2009.

Det første 2009-barnet i Hundvin har alt vore på plass ei god stund. Vel ein time inn i det nye året vart Ada Kristin Farraj mor til ei lita jente. Ho har fått namnet Shana. Når veslejenta får plass midt i sofaen, ventar beundrande blikk og koseprat.

Kan trilla i lag
I ei bygd som Hundvin er det mange som kjenner kvarandre. Det ser kvinnene som ein klar fordel.

– Hundvin er ei veldig sosial bygd. Me har både helselag, ungdomslag, bygdekvinnelag, vellag og mykje meir. Folk er flinke til å samlast og me gjer mykje kjekt i lag, seier Bjørghild til ivrige nikk frå dei andre.

Dei trur det vert sosialt når så mange får barn i same alder.

– Me har mykje felles og det er kjekt at det er så mange rundt deg i same situasjon. Då har du selskap, og så finn ein jo alltid nokon ein kan trilla på tur i lag med, seier Bjørghild og Anita.

Diskusjonen går ivrig når dei kjem inn på spørsmål om mammaklede og ultralyd.
– Det er alltid spennande å høyra når nokon har vore på ultralyd, seier dei.

Ei dugnadsbygd
Fleire av dei gravide er sjølv oppvaksne på Hundvin. Dei synest det er ei flott bygd.

– Her er fredeleg og landleg og fleire aktivitetar ein kan vera med på, seier Bjørghild.

– Ja, Hundvin er ei skikkeleg dugnadsbygd. Folk engasjerer seg og finn på mykje. Her er det ordna både badeplass, veglys og turvegar på dugnad. Foreldre er også flinke å få til aktivitetar, seier Anita.

– Å ja, eg håpar me kan få til noko meir idrett her så me ikkje alltid må kjøra til Lindås. Eg kjem frå Radøy og brenn for å få til noko turn, seier Anne Gro.
Ho bur litt lenger oppe i bygda, medan fleirtalet i sofakroken bur i Hundvinfeltet. Dei har alle eit ønskje om at fleire skal få sjansen til å etablera seg i nærområdet.

Vil ha fleire
– Bygginga i Hundvinfeltet starta på 1990-talet, og no er omtrent alt utbygd, seier Bjørghild.
Ho var førstemann ut med nytt hus her.

– Ja, me vil at Hundvin skal vera ei levande bygd, og då må ein leggja til rette for at det kan koma nye folk til. Det er også stort behov for undergang og fortau langs vegen, seier Therese engasjert.
Ho fortel om mange interesserte og få tomtar å velja mellom. Etter ein periode med få born i bygda opplever ein både auke i fødselstal og tilflytting utanfrå.

Med fleire born i bygda ser fleire fram til mykje liv og røre.
– Det er endå mykje att av året, så me håpar det kanskje vert endå fleire born, seier kvinnene og ler.

Kanskje dette er noko som smittar?